30. mar. 2016

Materialistiske ønske

Om berre ei snau veke er det plutseleg bursdagen min. Tjueseks år. Eg pleier ikkje å leggje ut slike blogginnlegg, altså blogginnlegg med materialistiske ting og tang som eg ønskjer meg. Mest fordi eg har det aller meste eg verkeleg treng, og at eg difor alltid synest det er vanskeleg å komme på noko når det gjeld ønske til bursdager og til jul. Mykje av det me treng sånn i kvardagen, kjøper me sjølv når me treng det. I tillegg prøver me så godt me kan å vere nokonlunde medvitne på kva me kjøper og putter inn i heimen vår. For kva treng ein eigentleg for å ha det bra?! Okei, nok tankar frå denne jenta. Ein må jo kunne ønskje seg noko fint innimellom ;) I høve bursdagen tenkte eg å leggje ut ei lita liste med ting som eg kanskje ikkje treng, men som eg likevel ikkje hadde takka nei til:

✰ fire kvitvinsglas frå Holmegaard i serien Perfection (fekk fire til bryllaupet, men "treng" fire til)
to fargerike kaffikrus og -fat til kvardagsbruk frå House of Rym
✰ og også to av desse kule kaffikrusa og -fata frå same produsent
✰ bodylotion, til dømes med mangolukt frå The Body Shop
✰ den illustrerte versjonen av Harry Potter og De Vises Stein
✰ to kaffikoppar og -fat frå Villeroy & Boch i serien Anmut Platinum
✰ ny løper til sofabordet vårt
kule bordskånarar
Willow Tree-figur (Together, den me har fekk me til bryllaupet og heiter Promise)
For ordens skuld: på bilete finn ein kvitvinsglaset frå Holmegaard, ein kaffikopp og -fat i Anmut Platinum-serien, den illustrerte HP-boka og Willow Tree-figuren Promise (den me allereie har).

28. mar. 2016

Tur og god mat på hytta

Ruskete vêr her hos oss i Stavanger i dag, 2.påskedag 2016. Ruskete og grått var det også ved Moslivatnet på torsdag, men mannen min og eg kom oss likevel ut og gjekk ein liten tur i området rundt hytta. Som ein kan sjå, låg det framleis snø der oppe, både på bakken og på vatnet.


På kvelden laga me "ungdommar" middagen som var taco der eg vil påstå at det var noko for ein kvar smak :) Koseleg å vere fire stk. som stod på kjøkkenet og laga maten saman, og det kjem frå meg som ikkje er den med med tolmod når det gjeld matlaging. Middagen smakte veldig godt, og etter ei stund blei det kake som mamma hadde laga til dessert (trur det er denne oppskrifta). Til kaka måtte me jo ha litt kaffi, og den blei laga i den kulaste kaffikolben, rett og slett fascinerande!

27. mar. 2016

Mykje bra påskekrim og fine dyr

Heile denne veka har kjendest som ein draum. Eg veit det har vore påske, me har jo til og med vore ein tur på hytta slik me alltid gjer i påska. Samstundes har det vore ei veke der eg var ein dag på jobb og ein dag på skulen, noko som ikkje er vanleg verken i ferien eller i kvardagen (er jo på jobb fire dagar i veka). Resten av dagane merker har gått i kvarandre fordi eg har jobba jamt og trutt med oppgåva, både på skulen, her heime, på hytta og på ferja. Blei litt skrableri dette her, men det skal bli så utruleg godt å levere frå meg oppgåva når midten av mai er her! Har ein del å gjere før den tid, men, men. Nokre fine punkt og kjekke lenkjer har eg jo lyst til å dele også denne veka:

✦ sjå den fine filmen Esio Trot (eller Mr. Hoppys Hemmelighet) basert på ei Roald Dahl-bok
✦ klare svaret på ei oppgåve ganske så raskt i "Påskelabyrinten", nemleg Krakow
✦ kjempefin katt hos Helena og denne filmmeldinga hos Mariell
✦ kle meg i gul kjole på jobb; det er jo påske berre ein gong i året
✦ at Jesus Christ Superstar blei referert til i ein av påskekrimseriane på NRK
✦ gå tur på nye vegar her i nærområdet
✦ sjekk ut denne søtingen og desse finingane og denne nusselege isbjørnungen
✦ setje av litt tid kvar dag til å lese i krimbøker; ingen påske utan ;)
✦ påskekrimseriane Endeavour, The Night Manager og så klart And Then There Were None, som du kan lese meir om her og her (sjølv om eg visste handlinga, var det nervepirrande)
✦ morosamt og stas at orkesteret blir nemnt i denne saka
✦ vere nokre dagar på hytta med bra folk og den finaste Milo
✦ så mange rare fakta om Singin' in the Rain (akk, som eg gleder meg til september)
✦ fire rådyr og ein kanin på veg til skulen, ei hegre og ein annan kanin på veg heim
✦ at ei av mine fine veninner sendte meg melding og lurte på om eg ville vere med på å gå tur rundt Mosvatnet, berre prate og nyte finvêret. Veldig, veldig koseleg!
✦ morosamt med referansar i TV-seriar: faren til Hathaway i Lewis er med som ung i Endeavour

26. mar. 2016

Påskeeggjakt

Det fyrste me gjorde då me var framme ved hytta på onsdag, sånn etter å ha lagt frå oss bag og sekkar, var å bli med ut på påskeeggjakt. Me har ikkje ein tradisjon for å gjere dette, men må jo seie at gøy var det lell. Broren min og ei barndomsveninne hadde vore ute før me kom og gøymt sju påskeegg. Til saman var me nemleg sju personar: familien min på fire, mannen min, barndomsveninna og mora hennar, der dei to sistnemnde for fjerde eller femte året på rad var nokre dagar på hytta med oss. Kjempekoseleg! Hunden Milo var også med på hyttetur, og sjølv om han ikkje fekk eit eige påskeegg, var han med ut på jakt. Me fann alle, men sleit veldig med å finne den sjuande sidan dei som hadde gøymt egga ikkje hugsa heilt kor dei hadde gøymt dei ;)

25. mar. 2016

På nye stiar i Sørmarka

Sjølv om det berre blei ein svipptur opp til hytta denne påska, gjorde det godt å rømme byen litt. Rømte gjorde me også førre sundag då me gjekk ein god tur i Sørmarka. Okei, ein er endå i byen når ein er der, men å vere ute i skog og mark, la tankane vandre, er for min del litt som å rømme det også, om berre for eit par timar. Er så fint å sjå regndropar som heng der, det er nesten magisk.


Kjekt å sjå mange fargerike fuglekasser, og mannen måtte stå og sjå litt på den fine utsikta. Veit ikkje akkurat kvar, men på vår veg langs ein av stiane i Sørmarka, fann med denne grillstaden, eller gapahuk om ein vil. Morosam skrift på den eine bjelken, og elles så var det eit fint velkomstskilt.


Såg ein god del hanskar og vottar hengjande på trea rundt omkring. Til slutt byrja eg å ta bilete av dei. Dei to øvste fann me hengjande ca. hundre meter frå kvarandre, og sjølv om dei siste ser like ut, er det hansker frå to forskjellige par. Kanskje ser me fleire neste gong?! Fin tur var det i alle fall.

23. mar. 2016

Fargerike lerret

No er veggen den "store, kvite veggen" i stova endeleg dekorert ferdig. Me har begge to merka at det har mangla nokre bilete som er større enn dei små polaroidbileta (sjølv om dei er fine dei også). Lenge tenkte me å tinge eit lerret eller ein plakat frå FotoKnudsen, slik me har gjort tidlegare, for det har me vore veldig nøgd med. Plutseleg slo det meg at "kvifor ikkje gjere dette sjølv?". Som sagt, så gjort. Det som tok lengst tid, var å sjå gjennom og plukke ut fire bilete frå harddisken, som til slutt blei til åtte. Etter at det var gjort, kjøpte eg enkle, kvadratiske lerret på 20x20 cm hos Søstrene Grene. Printa ut bileta på A3-ark, for då blei bileta litt større enn lerreta slik at kanten på lerreta ikkje fekk ein kvit kant, men at kvart bilete dekka heile lerretet. Fram med saks, decoupagelim og pensel, og etter eit døgn med tørking, var dei ferdige (les: eg gjorde dette over fleire kveldar, så litt tid tok det jo). Eit enkelt og budsjettvenleg prosjekt som blei prikken over i-en på veggen vår :)

21. mar. 2016

Det finaste vårteiknet også i år

Ja, eg veit, dette blogginnlegget blei ein snøklokkebonanza. Men akk, dei er berre så himla fine og vakre, det grøne mot det kvite, det ypperste og vakraste vårteiknet. Tok meg ein tur med kameraet i nabolaget førre veke. Blir så glad, så glad av dette synet, og som nemnt i går blir eg aldri lei; for meg er det like kjærkomme kvart år. Så får det heller vere at påska blir brukt til masterskriving ;)

20. mar. 2016

Eit lite påskeegg og morosame bøker

Palmesundag er her og ferien er i gong. Eller – ferie og ferie. Skal jobbe i morgon, og resten av dagane blir det skriving på og arbeid med masteroppgåva. Men ein liten tur på hytta blir det heldigvis tid til, og med det vil me kanskje klare å få ein bit av påskekjensle. Trass i at eg har vore grasenke, har det vore ei fin veke med jentekveld, kjekke dagar på jobb og heilt  nydeleg vêr! Håper alle får ei fin påske, anten det er heime, på fjellet eller ein heilt annan plass. Og her er sundagslista:

✦ blir aldri lei synet av snøklokker :)
✦ "Pludder i parken" – Synne sin sjette podcast
✦ høyre på Bruckner symfoni nr.4 medan eg skriv på masteroppgåva
✦ le og kose meg med denne musikksaka på p3morgen
✦ sykle til skulen i nydeleg sol og ordentleg vårvêr
✦ nusseleg ozelotungedesse to kattane og ein herleg babyelefant
✦ så morosamt å sjå desse bøkene på jobb som er ein klar referanse til Hercule Poirot ;)
✦ møte på ein liten valp som me alle fekk klappe på veg til forelesning
✦ kjekk podcast frå nokre av dei fine folka på Sølvberget
✦ "Unchained Melody"Beat for Beat
✦ vere i eit bra møte på hovedbiblioteket, og før eg dro vidare, var det varm lunsj å få og eg vann eit fint påskeegg på loddtrekking
✦ gå rundt Breiavatnet etter jobbmøtet og nyte sola
✦ trur dette må vere den søtaste kattungen ever!
✦ blir så utruleg rørt når eg ser videoar som denne
✦ få mannen min heim etter fem døgn aleine heime
✦ at And Then There Were None blir sendt på TV neste helg
✦ oppdage nye stiar i Sørmarka

18. mar. 2016

Helgetur til Kr.sand ☺︎

Det er allereie gått ei veke sidan me tok toget til Kr.sand for å besøke nokre gode vener av oss. Me hadde ei kjempekjekk helg der me spelte ein del brettspel, gjekk tur, prata, mimra og lo ein heil haug. Eit av korta i det eine spelet berre måtte eg ta bilete av, for det likna så veldig på Hufsa.



Til dessert etter middagen på fredag, fekk me ein knallgod smoothie med ein kjempefin farge. Veldig god med noko friskt. Og kjekk ut den kule veggklokka som heng på kjøkkenet eg deira ;)


Rart å vere tilbake i Kr.sand, sjå eit skilt til Gimlekollen, vere tilbake på gamle trakter. Det byrjar å nærme seg to år sidan me flytta frå byen, og det er allereie halvanna år sidan me begge to var der sist. Veninna mi og eg gjekk ein tur på laurdagen medan guttane var ute og jogga. Såg blant anna eit kult gjerde på vår veg. Elles så var det godt å kjenne frisk luft, og praten gjekk i eitt!


Då kvelden kom på laurdag, såg me Dragetreneren (for ein fin film), åt god middag og spelte "Party Alias" – det er jo alltid ein slager! Tok ikkje bilete på sundagen, men som nemnt spelte me badminton før eg sette meg på toget heimover. Var fyrst litt skeptisk til heile badmintonopplegget, men eg må seie at det overraska, og eg trur eg snakkar for oss alle då eg seier at det var utruleg gøy! Håper me får til det ein annan gong, og sist, men ikkje minst, takk for vertskapet og ei bra helg!