4. juli 2015

Minne på veggen

På veg heim frå jobb i går, var eg innom posten for å hente det som no heng på den eine stoveveggen: eit lerret med eit av bryllaupsbileta! Eit kjempefint og klassisk bilete tatt av Julie Vold, og det blei så vakkert i svart-kvitt, særskilt på den fargerike veggen vår. Me kjøpte lerretet hos FotoKnudsen på måndag og er nøgde både med kvalitet, utsjånad og leveringstid. Rart, men samstundes utruleg fint, å sjå eit av våre bryllaupsbilete i stort format, og det på eit trykt materiale, ikkje berre på skjerm. Det var det heile. No ventar The Italian Job med m.a. Michael Caine.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så utrolig fint! Likte også veldig godt polaroidbildene under.

Silje sa...

Ja, ikkje sant?! Me er supernøgde både med lerretet og med polaroidbileta (som diverre ikkje er ekte, men som er kjøpt på den fine nettbutikken polabora.com)! ^^

Legg igjen ein fin tanke