29. feb. 2016

To klassiske filmstjerner



I nesten halvanna år har me kost oss med gamle musikalar og komediar frå ca.40-, 50- og 60-talet. Dei laurdagane me er heime, vel me oss ut ein film med stjerner som Rita Hayworth, Gene Kelly, Audrey Hepburn, Frank Sinatra, Judy Garland, Jack Lemmon, Fred Astaire med fleire. Det starta med den heilt fantastiske The Court Jester frå 1955 med Danny Kaye i hovudrolla. Sidan har me sett blant anna Anchors Aweigh, How to Steal a Million, On the Town, Some Like It Hot og mange, mange andre. Nokre har vore kanonbra, andre heilt grei underhaldning. For nokre veker sidan såg me Ziegfeld Follies frå 1945. Det er nok ikkje den beste filmen me har sett, men dansescenen med Gene Kelly og Fred Astaire, to så himla gode dansarar saman i ein scene, må eg berre dele her på bloggen. Blir så glad av denne og den passar perfekt til å starte veka! Og ein ser jo ikkje slike dansetrinn i moderne filmar lenger. Sukk. Vel, vel, håper alle har hatt ein fin og grei måndag :)

28. feb. 2016

Siste veka i februar

Om ikkje så altfor lenge er det av garde til Sandnes kyrkje for å spele konsert med orkesteret (symfoni nr.4 av Anton Bruckner). Trur det kjem til å bli veldig bra! Denne veka hadde eg fri fra jobb både måndag og tysdag, og eg fekk difor vore på skulen for å skrive begge dagane. Godt å få skrive ein del når eg faktisk hadde to dagar på rad utan jobb. Var på jobb onsdag, torsdag og fredag og det var kjekke dagar med blant anna møte og bokprat nede i sentrum. Og slik har denne veka vore i korte trekk. Håper de også har hatt ei fin veke, den siste i februar. Her kjem mi sundagsliste:

✦ sjå snøklokker ute på tur; det er det aller finaste vårteiknet i mine auge
✦ "Sats på hakeslepp!" – om "lik og del"-konkurransar på Facebook og om serviceopplevingar
✦ tenne stearinlys om kvelden sjølv om det byrjar å bli lysare ute
✦ kjekk podcast om alder inne på Synne sin blogg
✦ kråker som blir farga raude på brystet av sola om morgonen
✦ kjenner meg veldig igjen med tanke på masteroppgåveskriving
✦ nostalgikjensla av å vere ein tur innom barne- og ungdomsbiblioteket i byen
✦ nusselege lam, eit artig møte mellom ein katt og ei skjelpadde og kjempesøte kattungar
✦ hengje opp to bilete på soverommet, og med det er rommet komplett
✦ ein veldig god kronikk om forelesningar på universitetet, og denne saka om to gode vener
✦ veldig kjekt å vere messingblåsar når ein speler Bruckner med orkesteret
✦ Tone som deler tips om fine Instagramkontoar, og Rania sitt vakre innlegg "Det brinner i bröstet"
✦ finne filmen About Time på jobb og sjå den ein kveld då mannen var vekke
✦ at me skal ein helgetur til Kr.sand for besøke eit venepar om to veker :)
✦ vakker og nydeleg video med heilt fantastisk cellospel

26. feb. 2016

"The Rights of the Reader"

Rett og slett diggar denne som heng på døra inn til kontoret på jobb! Det er Daniel Pennac som står bak "reglane", og illustrasjonane er det sjøvaste Quentin Blake som har laga. For meg er Blake mannen bak illustrasjonane i mange av Roald Dahl sine bøker, sånn som Matilda og SVK. "The Rights of the Reader" er den perfekte plakaten til å ha hengjande på kontordøra på eit bibliotek ;) Litt dårleg bilete, så her kan de sjå det heile endå litt betre. God helg, alle fine lesarar! :D

25. feb. 2016

Så fine minne frå ein fantastisk dag!

For omtrent to veker sidan, kom fotoboka frå bryllaupet vårt i posten. Eller – det vil seie fotoboka frå den fyrste delen av den store dagen vår. Eg valde nemleg å lage ei fotobok no med bilete som fotografen tok, medan alle dei andre bileta, dei frå middagen, dansen, kakespisinga og festen, får komme i ei eiga fotobok. Det er så mange bilete å ta av, med andre ord er det eit litt større prosjekt, så den boka får eg lage når sommaren kjem og alt opplegget rundt masteren er ferdig. Som vanleg laga eg fotoboka på fotoknudsen.no, og denne gongen valde me eit mindre format og med mykt omslag. Storleiken på boka er 15x20cm, og me synest begge at boka er akkurat passe stor til å kunne ha framme til ein kvar tid. Sidan fotoboka er mindre enn dei me har laga før, har me prøvd å ikkje putte altfor mange bilete inn på kvar side, og dimed har me prøvd å halde oss til mellom eitt og fire bilete per side. Ein aldri så liten throwback thursday til den aller finaste dagen 

24. feb. 2016

Ei liste om filmar

Bøker og filmar, filmar og bøker. Utanom det å spele i korps eller orkester, er det å lese ei god bok eller sjå ein like bra film to av mine favorittaktivitetar. Alt frå gamle klassikarar til moderne drama- og actionfilmar. Eg har byrja på ei liste om bøker, så den vil komme den òg ein dag, men no vil eg presentere nokre tilfeldig valde kategoriar og kva filmar eg liker aller best innanfor desse. Det er umogleg i mine auge å velje ut berre ein film i ein god del av kategoriane, men det er no slik det ein gong er når ein er over gjennomsnittet glad i film ;) Så her kjem det ein haug med filmar:

Beste filmserie: den aller beste er nok Harry Potter-serien (åtte filmar), men også The Dark Knight-trilogien (Christoper Nolan sine filmar om Batman) og Before-trilogien om Celine og Jesse som fyrste gong møtast på eit tog i Wien, er gode filmseriar

Beste regissør: utan tvil Wes Anderson. Viss eg ikkje tar heilt feil, har me, for mannen i heimen er også fan av Anderson, sett sju av dei filmane han har regissert! Dei er så herlege, underfundige, rare og fine alle saman :) Richard Linklater er også ein regissør eg gjerne vil nemne; han er nemleg mannen bak Before-trilogien og Boyhood.

Største positive overrasking: den rare Birdman med Michael Keaton og Edward Norton i to av rollene, den sterke filmen Tusen ganger god natt og klassikaren 12 Angry Men


Filmar som gir meg latterkrampe: den fantastiske 3 Idiots, klassikaren The Court Jester med Danny Kaye ("The pellet with the poison's in the flagon with the dragon; the vessel with the pestle has the brew that is true."), den hysteriske The Party med Peter Sellers i spissen og til slutt den herlege spionsatiren Kingsman med blant anna Colin Firth og Samuel L. Jackson

Filmar eg kan sjå om og om igjen: Tre nøtter til Askepott (ingen jul utan), RENT, både spelefilmen og Broadwayversjonen, den nydelege Once (såg den jo også som musikal i New York), og så klart alle dei åtte Harry Potter-filmane

Beste barnefilm: Mary Poppins som eg gjerne ser den dag i dag, og så klart kan eg alle songane på ramsThe Parent Trap, og Grusomme Meg-filmane som eg såg i vaksen alder


Beste filmminne: då me såg Before Midnight heilt aleine på kino, Billy Elliot saman med mamma ein 17.mai då eg gjekk på vidaregåande, då eg såg Forrest Gump i Florø aleine og katten Pluto hoppa opp i fanget mitt for å trøyste meg og så klart Kamilla og Tyven II 14.desember 2008

Ein film som set spor: Boyhood (har skrive om filmen i dette blogginnlegget)

Ein keisam og døll film: Twilight. Sorry altså, men den filmen fenga meg ikkje det grann.

Ein avbrutt film: ingen som eg kjem på, men nesten den merkelege The Man in the White Suit


Beste bok til film: The Green Mile (men her må eg seie at eg såg filmen fyrst, og at det difor kan vere at eg hadde hatt ei anna oppfatning viss eg hadde lese boka fyrst...)

Tåreperse: Cinema Paradiso og opningsscenen i den nydelege animasjonsfilmen Up

Ein utfordrande film: 2001: A Space Odyssey og Memento (treng eg å seie noko meir?!)

Beste norske film: deUSYNLIGE, regissert av Erik Poppe som også er mannen bak Tusen ganger god natt



Beste film som verken er norsk- eller engelskspråkleg: defintivt Cinema Paradiso (me hadde jo til og med ein grovmessingkvartett som spelte kjærleikstemaet frå filmen i vigsla vår). Andre veldig gode filmar: Le fabuleux destin d'Amélie Poulain, Les Choristes, The Intochables og Så som i himmelen (les meir om dei alle i dette blogginnlegget)

Kva filmar liker de meir eller mindre enn andre filmar? Legg gjerne ein kommentar :)

23. feb. 2016

Tre bilete frå ein fin gåtur

Tre bilete frå sundagens tur rundt Mosvatnet. Så godt og så herleg å få kjenne frisk luft i andletet, strekke på beina og lufte tankane på ein dag som for det meste gjekk med til å prøve å skrive ned nokre ord på papiret (les: masteroppgåveskriving). Me er heldige som har slike turløyper rett utanfor døra. Har jobba ein heil haug med oppgåva både i går og i dag, og om berre ein dryg time er det orkesterøving. Me skal ha konsert på sundag, så er litt spent på korleis det læt i dag ;)

22. feb. 2016

Enkle vimplar til soverommet

Som eg nemnde i blogginnlegget i går, har temaet for denne månaden av Monthly Makers vore tre. Med tanke på alt det som skjer her om dagane, var det tidleg klart at eg ikkje hadde kapasitet til å gjere noko stort eller lage noko som tok for mykje tid. Likevel så ville eg prøve å vere med også denne månaden :) Me manglar noko på veggane inne på soverommet, og inspirert av denne inne hos Morning Creativity, ville eg lage ein enkel vimpel eller to til å hengje på den eine veggen.


Om ein lurer, så er det greinene som er temaet, for greinene er jo frå eit tre. Fann greinene på bakken då me var ute og gjekk tur førre veke, pussa dei bittelitt med sandpapir og så var dei klare til bruk. Skreiv eit fint sitat oppå eit bilete i Photoshop, printa det ut, klipte det ut etter malen, festa det på greina og voila, ein vimpel var klar. Den andre laga eg av restestoff frå Stoff & Stil. For å forsterke den, klipte eg ut to like stoffbitar, la dei mot kvarandre med vrangsida inn og "limte" dei saman med vliesofix (hemming web). Brukte berre vanleg, kvit hyssing til å hengje dei opp med, akkurat som eg gjorde då eg laga denne bileteramma. Og det var det; eit fint og veldig dekorativt lite prosjekt med tre som inspirasjonsord. Dette er mitt bidrag denne månaden, og eg gleder meg allereie til neste tema! Monthly Makers er rett og slett ei ordentleg kul og bra greie :D

21. feb. 2016

Vinterferie på jobb

Denne veka har det vore vinterferie her i Stavanger og difor har det vore mange aktivitetar på jobb, både på Sølvberget og hos oss på Madla. Med andre ord er ei travel veke no snart over. For min del var det nok mest travelt på fredag, for då hadde me FIFA-turnering der eg hadde hovudansvaret. Men sjølv om det var travelt, var det jo også veldig kjekt og eg trur deltakarne hadde det like kjekt! Når det gjeld oppgåveskriving, har det ikkje vore fullt så bra, men eg kjenner at eg har god støtte både frå mestudentar og frå min betre halvdel. "Skal nok komme i mål til slutt" er i alle fall mottoet mitt no for tida. Mange fine lenkjer og andre kjekke gledespunkt å dele som har skjedd denne veka:

✦ kose meg med Holding Patterns
✦ denne lille teikneseriestripa ;)
✦ lese ut den gode krimboka Jeg lar deg gå 
✦ himla fin bloggpost om vakre ting funne på loppis og ein like vakker bloggpost om det å finne brudekjolen, begge inne hos Sara
✦ gå heim frå skulen saman med den finaste, lufte tankane etter ei rar forelesning
✦ lese denne rørande historia om ein katt som endeleg fekk sjå familien sin igjen
✦ strekke litt på beina med tur langs Mosvatnet
✦ kult om strikking
✦ desse "reisebøkene" som låg på to bord på skulen på tysdag
✦ lese om denne fonten som kan gjere det enklare å lese for personar med dysleksi
✦ vere kreativ med februartemaet av Monthly Makers, nemleg tre (prosjektet med bilete kjem i løpet av neste veke, antakeleg i morgon)
✦ "Adjö, kroppskomplex" – for eit bra blogginnlegg inne hos Elin
✦ kjekke dagar på jobb med blant anna filmframsyning, eventyrstund og FIFA-turnering
✦ søtaste videoen med ein liten kattunge og ein liten gris, og denne frå den same youtubekanalen :)
✦ tenkje på tur i september, for då skal me til Oslo for å sjå Singin' in the Rain :)
✦ Tone lager så fine og herlege illustrasjonar

19. feb. 2016

Ein haug med bøker

Om nokon skulle lure, så strortrivst eg i vikariatstillinga på biblioteket. I store delar av oppveksten vil eg påstå at biblioteket var min andre heim. Ikkje heile tida, men i nokre periodar, både som kunde og som ansatt. Å vere tilbake bak skranken er ei veldig god kjensle! Men det er eit dilemma ved å jobbe på eit bibliotek, i alle fall når ein, slik som eg, er ein ordentleg bokorm. Det er at det er altfor lett tilgang til bøker, og kvar dag finn eg bøker eg har lyst til å lese sjølv om eg har ein haug med ulesne bøker i bokhylla allereie (ein del av dei kan de sjå på det siste biletet...). Akkurat no er eg over halvvegs i krimboka Jeg lar deg gå av Claire Mackintosh, eg finn fine hekleprosjekt i Leken hekling og snart er eg nok i gong med Bokhandelen på Broadway. Og som nemnt så ventar det endå fleire bøker på meg i bokhylla! Puh, eg får prøve å halde meg til ei og ei bok om gongen og heller notere ned dei eg vil lese etter at mai månad er over. Her har det i dag vore FIFA16-turnering på jobb som ein av dei mange aktivitetane som har vore i løpet av vinterferien. No i kveld tar me det heilt med ro med fin musikk, ei god bok og sånt. I morgon er det jobblaurdag for min del :)

17. feb. 2016

"Holding Patterns"


Endeleg! Førre veke kom det nyaste albumet til Laurence Fox i posten. Holding Patterns er det fyrste albumet til Fox (han gav ut EP-en Sorry For My Words i 2013). Sjølv om eg hadde høyrt dei aller fleste av songane før på Soundcloud, var eg aldri i tvil om at eg skulle kjøpe dette albumet. Songane er spelt inn på ny med anna instrumentering og litt anna lyd, så på ein måte er det nesten som å høyre dei på ny, og jepp, eg er blitt veldig glad i det albumet allereie! Det er nesten fire år sidan eg fyrste gong høyrde Fox syngje, og sidan den gong har eg høyrt på musikken hans jamt og trutt. Då eg skulle tinge albumet hans, valde eg å kjøpe eit signert postkort ved sidan av den signerte CD-en, og kortet heng no så fint på kjøleskapet her hos oss. Vanskeleg å plukke ut ein song som skil seg ut, eg liker dei alle saman, men eg legg ved musikkvideoen til "Rise Again". Det er eit eller anna med stemninga og melodiføringa i songen, samstundes som teksten er veldig fin. Stemmen til Fox er heilt eigen og nydeleg (som nemnt for nesten fire år sidan), og det er jo dette som er hovudgrunnen til at han er ein av mine favorittartistar. No skal det seiast at eg også er fan av krimserien Lewis der han spelte ei av hovudrollene, men musikken hans er likevel noko eg varmt anbefaler de å lytte på. Eg veit i alle fall kva eg skal høyre på når eg skriv dei neste vekene ;)

15. feb. 2016

Luftetur med overrasking på lur!

Sjølv om mesteparten av helga gjekk med til å skrive vidare på masteroppgåva, sette me av tid til å gå ein tur både laurdag og i går før me fekk middagsbesøk. Å få "lofta vede" og kjenne frisk luft i andletet er berre så herleg, og for min del gjer det ekstra godt når det blir mykje stillesitting i samband med oppgåva. Har jo sett tagging før, men det var litt ekstra vakkert med dei knallsterke fargane mot dei grå fjella i horisonten. Og slike isformasjonar er alltid vakre og ganske magiske.


Veit at eg har tatt bilete av desse gjæsene før, men dei er no litt artige der dei vraltar av garde i flokk, kvite og gråbrune om kvarandre. Og så er det noko harmonisk over det heile å gå forbi denne garden, ein gard som ligg berre fem minuttar unna sentrum om ein køyrer med bil.


Til slutt: kan tru eg stokk då me gjekk forbi desse søppeldunkane i går. Det var jo berre ein del av ei utsillingsdokke, men det var ekkelt likevel. Lo litt høgt sånn etter kvart då det verste sjokket hadde lagt seg, men gurimalla, det her må jo rett og slett vere (gårs)dagens overraskingsmoment!

14. feb. 2016

Kjekke filmar, fin genser og tur i vinterkulda

Her har me nettopp hatt mamma og pappa på middagsbesøk, både fordi det var ganske lenge sidan sist og også fordi det i dag har vore morsdagen. Gratulerer alle mødre der ute! Helga har gått altfor fort, men det er jo sånn det er når det er mykje som skjer og mykje som skal bli gjort. For min eigen del har det vore ei helg med ganske mykje skriving og slikt i samband med masteroppgåva, men heldigvis har det vore tid til både gåturar og kaffistundar. Og sidan mannen var på kurs frå måndag til fredag, var det så godt å få han heim igjen – eit liv som grasenke er ikkje for meg ;) Resten av veka har også gått unna med jobb, skriving, lesing og litt filmtitting. Under er vekas sundagsliste:

✦ sjå Saving Mr.Banks, ein film om Walt Disney og P.L.Travers (forfattaren bak Mary Poppins) – eg både gret og lo om kvarandre
✦ og vittig samantreff: den nyaste episoden av Modern Family refererte til Mary Poppins
✦ for ein koseleg plass å bu
✦ at det byrjar å bli lyst når eg tar bussen til jobb klokka halv åtte om morgonen
✦ "Pub cats" – herleg blogginnlegg inne på bloggen til Synne
✦ gå turar no i helga i fantastisk vintervêr og sjå isformasjonar på vår veg
✦ artig Senkveld-parodi :D
✦ kjekke dagar på jobb
✦ så mange vakre og fine blomar
✦ få fotobok og CD i posten
✦ og høyre på CD-en (Laurence Fox sitt nyaste album)
✦ denne teksten; så utruleg godt skrive av Sara
✦ slappe av med herlege filmar etter jobb og litt oppgåveskriving
✦ "167 steg till lyckan" inne på bloggen til finaste Sandra (og dette bra innlegget på same blogg)
✦ få mannen min heim etter kursveke
✦ bra innlegg om rydding og oppbevaring, og dette innlegget skriven av Jonna om drivkraft
✦ ha på meg den finaste genseren frå ein etsybutikk
✦ desse nusselege kattenøsta
✦ middagsbesøk av mamma og pappa :)

12. feb. 2016

Eit heilt nytt soverom!

Dette blir det store oppussingsinnlegget her på bloggen, for sjølv om det berre var eitt rom me pussa opp i haust, var det nok å gjere før me var heilt nøgde. Skrudde senga frå kvarandre, rydda rommet for nattbord og anna stæsj og byrja prosjektet med å måle heile rommet (dvs. tre veggar; me måla ikkje den veggen der garderobeskapa står). Fargen me brukte var Sans frå Jotun, og om de lurer, så er det den fargen som er mørkest på biletet ovanfor :) Ein litt varm og herleg lun farge.


Gløymde så klart å ta bilete av heile rommet før me byrja å måle det, men ein får no eit lite inntrykk, i alle fall av den eine veggen. Som ein kan sjå, hadde me gjort veldig lite før me flytta inn: me hadde hengt opp eit bilete og elles ei enkel snor over senga med nokre små bilete, kort og illustrasjonar. Ikkje noko fancy, og me mangla til og med nokre gardiner. For sidan det var ei rullegardin der frå før, blei gardiner til soverommet vårt nedprioritert i fyrste omgang.


Etter å ha måla rommet to strøk med Sans, var det på tide å ta fram meir maskeringsteip og ei ny bøtte med måling. Eg trur fargen me brukte heiter Marrakesh. Me hadde nemleg bestemt oss for å lage nokre store trekantar på den eine veggen. Og så må eg berre beklage at ein del av bileta er litt mørke – er neimen ikkje berre berre å ta bilete inne i eit lite rom når det er så himla mørkt ute.


Og ikkje nok med Marrakeshfargen; me skulle ha ein tredje farge, nemleg ein farge som liknar mosegrøn. Denne fekk me blanda på målarbutikken, så den har ikkje eit namn, berre eit nummer som eg ikkje hugsar i farten. Sånn som dette såg veggen ut etter det fyrste strøket med grønfargen.


I same slengen som me tok soverommet, ville me også gjere noko med senga vår. Den har me arva frå svigers, og sjølv om den er god, var me begge lei den gulaktige furufargen. Me brukte lakkfjernar og pussa med pussemaskin for harde livet før mannen til slutt beisa senga i ein grønfarga beislakk.


Kanskje litt mange bilete i eit og same innlegg, men no er eg ferdig. Dei siste bileta viser sluttresultatet. Okei, me treng nokre fleire bilete på veggane, men sånn bortsett frå det er soverommet no endeleg ferdig. Veldig nøgd med jobben og korleis det heile blei til slutt, og eg tror nok det me begge to er mest nøgde med, er veggen med dei store og kule trekantane på!