19. jan. 2014

Topp 5 – filmar som verken er norsk- eller engelskspråklege

Å sjå filmar kor dei ikkje snakkar norsk eller engelsk er kanskje ikkje det eg er best på. Eg har faktisk lyst til å sjå meir franske filmar, italienske, kinesiske, tyske, svenske, ja, du skjøner teikninga. Crna mačka, beli mačor (Svart katt, kvit katt på norsk) som er ein serbisk (jugoslavisk) film og Trǐ oříšky pro Popelku, ein tsjekkisk film om ein ser bort frå den norske "dubbinga", er også filmar som verkeleg er verd å nemne i denne samanhengen. Vel, her kjem i alle fall mine topp fem:

Nuovo Cinema Paradiso - den nydelegaste, mest rørande og finaste filmen eg veit om. Kjærleikshistoria og også historia om den lille kinoen Cinema Paradiso er berre så fint sett saman. Eg kan sjå denne italienske filmen gong på gong, nyte det fine temaet som går gjennom heile filmen (den skal garantert vere med i bryllaupet på ein eller annan måte), og gråte nokre tårer eller mange.

Les Choristes - ein fransk film med nydeleg musikk og nydeleg historie. Den handlar om Clément Mathieu, ein mislukka dirigent og komponist, som på slutten av 1940-talet blir lærar på ein internatskule for "vanskelege" (les: rampete) gutar. Filmen er så varm og også vond om forholdet mellom lærar og elevar, og kor mykje musikk kan ha å seie for å uttrykke seg sjølv. Såg denne filmen fyrste gong på ungdomsskulen og etter det har eg aldri klart å gløyme den.

Så som i Himmelen - også denne filmen handlar mykje om musikk i og med at hovudrollen er ein kjent dirigent som flyttar heim til heimbygda etter ein tøff periode i livet. Han skal eigentleg ta heilt pause frå musikken, men på eit eller anna vis blir han dirigenten til det lokale koret. Forviklingar, rykte og sterke historier pregar denne filmen, men den er viktig og fin på same tid. Og – "Gabriellas Sång" med Helen Sjöholm tar pusten frå meg kvar einaste gong!

Le fabuleux destin d'Amélie Poulain - Audrey Tautou, herleg og artig musikk, fransk, merkeverdige hendingar, mystiske personar, hagegnom og fotoautomat. Kan det bli betre? For nokon kanskje ein snål film, men det er jo det som gjer heile filmen, det at den er litt annleis. Rett og slett ein ordentleg herleg film!

Intouchables - ei god veninne av meg har lenge sagt til meg at "denne filmen  du sjå", men eg må innrømme at det skjedde fyrst førre helg. Og for ein film! Eg hadde trudd at eg kom til å gråte meg gjennom heile filmen nettopp på grunn av temaet (venskapet mellom ein som verkeleg er knytta til rullestolen og assistenten hans). Nokre tårer kom det jo, men ikkje så mykje som eg hadde trudd. Filmen er nemleg fylt med mykje humor og varme, og med det blei det også mykje latter :)

Legg igjen ein fin tanke