30. nov. 2015

30. november 2015

Og plutseleg var det gått eit halvt år. Er jo ikkje lenge sidan eg skreiv dette innlegget, i alle fall kjennest det slik ut. Det er faktisk allereie eitt år sidan innlegget blei posta. I dag har me vore mann og kone i seks månadar, eit heilt halvt år. Vil berre få dele eit av mine favorittbilete frå dagen vår. Treng eg å seie noko om kvifor eg liker det så godt?! ;) Ekte smil, ekte glede og ekte kjærleik! Hugsar eg sleit med å prøve å vere alvorleg på nokre av bileta, det gjekk berre ikkje, for smilet var der heile vegen! Du gir meg så mykje glede i livet, så mykje støtte og kjærleik! Eg elskar deg 

29. nov. 2015

Orkesterhelg og fyrste sundag i advent

Vêret denne helga har vore så ustabilt som det går an å vere – alt frå hagl til sol, medan det i neste augneblink regnar i bøtter og spann. Ja, ja. Me har stort sett vore inne og spelt med orkesteret, for fra torsdag til i dag har me spelt "Nøtteknekkeren", ei forestilling per dag (mao. fire til saman). Fekk no gått ein tur rundt Mosvatnet i dag om ikkje anna :) Også denne veka har vore litt tung med tanke på oppgåva, men med musikk frå høgtalarane, orkesterspeling og kongeblå hatt på hovudet, finst det jo nokre lyspunkt oppi det heile. Og så er det jo fyrste sundag i advent i dag, noko som betyr at jula nærmar seg :) Har samla saman ei liste denne veka også, og den kan de sjå under:

✦ popcorn heime i sofaen etter premieren på "Nøtteknekkeren"
✦ om ein hund som ammar to bittesmå kattungar
✦ ha på langt, lilla skjørt, grå genser med høg hals og kongeblå hatt :)
✦ eit bra blogginnlegg hos Ida om kvifor ho ikkje deltek på Black Friday
✦ kjenne igjen niesa til ein skodespelar i eit TV-program fordi skodespelaren var med i ein episode av MacGyver
✦ byrje å skrive på og sende ut årets julekort
✦ "50 things to do on everyday evenings", den finaste lista hos Synne
✦ spele Wii saman med mannen min
✦ denne fine saka på aftenbladet.no om ei kontaktannonse
✦ gode, såre og viktige strøtankar
✦ spele med orkesteret seks dagar på rad; slitsamt, men også så utruleg kjekt
✦ morosam video med kattar som er redde for ein agurk, og også denne med kattungar
✦ lese i adventsmagasinet som Mariell har laga
✦ setje fram adventsstaken, og hengje opp adventsstjerna i vinduaget
✦ le av alle desse rare platecovera

27. nov. 2015

"Poldark"



Tidlegare i haust sende NRK den britiske dramaserien Poldark. Serien er basert på to bøker av forfattaren Winston Graham, og den er ei nyinnspeling av serien frå 1975. Kort fortalt er dette historien om Ross Poldark som kjem tilbake til England etter den amerikanske frigjeringskrigen. Ingen veit at han faktisk lever, og når han kjem tilbake, lever ikkje faren lenger, og kvinna Ross skulle gifte seg med, er trulova med ein annan. Ross må starte på nytt og i løpet av dei åtte episodane får me sjå korleis livet hans sakte, men sikkert går vidare, både på godt og vondt. Eg er jo over gjennomsnittet glad i filmmusikk, og det var vel det eg fall for fyrst då eg byrja å sjå serien. Intromusikken av Anne Dudley, som de kan sjå i videoen over, er så vakker! Og her er traileren om ein vil sjå meir. Etter kvart blei eg glad i mange av figurane, sint på andre. Landskapet er jo nydeleg, og kostyma likeså. Handlinga blir heile vegen driven framover, og i nokre av episodane måtte eg nesten ta pause fordi det blei litt for spennande! Men så lever eg meg veldig inn seriar, bøker og filmar, berre sånn at det er sagt ;) Sesong 2 er under produksjon (jippi!), og i mellomtida koser eg meg med intromelodien, denne vakre songen og denne. Anbefaler både serie og musikken!

25. nov. 2015

Lys til adventstida

Av og til tar eg vare på brukte ting, til dømes blikkboksar og pappemballasje, fordi eg tenkjer at "det kjem eg til å bruke til noko seinare". Det er ikkje alltid det stemmer, men nokre gongar slår eg til ;) Denne månaden har temaet i Monthly Makers vore lys. Lys som i lampe eller stearinlys, eller som noko symbolsk. Sidan mørket er her for fullt, og det snart er advent og jul, ville eg prøve å lage noko stilig med ei LED-lyslenkje som kan lyse opp her i heimen. Lenkja er frå Søstrene Grene. Og det er her den brukte tingen kjem inn i biletet, nemleg ei grøn vinflaske. Fjerna etikettane på flaska, vaska den og putta lyslenkja oppi. Det blei jo fint det, men eg ville gjere noko meir før eg sa meg ferdig. Printa ut omriss av eit juletre på vanleg papir, fann fram frostsprayen som eg har hatt i huset ei stund, gjekk ut på balkongen og spraya flaska. Etterpå tok eg av papiret, putta lyslenkja oppi endå ein gong, og vips, fin lyspynt til juletida. Litt vanskeleg å få fram detaljane med juletreet på flaska, men de får no eit inntrykk av resultatet likevel (også korleis det blei før eg frostspraya flaska). No kan jula berre komme, og dette er altså mitt bidrag i novembertemaet av Monthly Makers.

23. nov. 2015

Takkekortet vårt

Har visst heilt glømt å vise fram takkekortet vårt. Om ei veke er det plutseleg eit halvt år sidan me gifta oss. Takkekorta laga me sjølv, og dei blei tinga hos FotoKnudsen. Framsida er ein kollasj av fire bilete som bryllaupsfotografen tok og "Tusen takk" med prikkane me hadde på mange av trykksakene. Inne i kortet hadde me gjort plass til ei personleg helsing som me skreiv for hand i tillegg til ei felles helsing. Me hadde også tatt med datoen, fuglane som me også hadde brukt på dei andre trykksakene, to detaljbilete (eit av han og eit av meg) og i midten eit av dei finaste bileta, i alle fall i mine auge. Det heng jo til og med på veggen her i stova. På baksida kan ein sjå eit bilete av skoa våre, mine blå og hans brune, og buketten min i midten. Eit takkekort som me syntest var kjekt å lage, skrive på og sende ut, og eg håper så klart at folk sette pris på å få det i posten :)

22. nov. 2015

Snart advent

Tenk at det er fyrste sundag i advent om berre ei veke! Denne hausten har gått så fort, både på godt og vondt. Godt fordi eg heile vegen er nærmare fullført mastergrad, vondt fordi eg kjenner på stress og dårleg tid angåande det same temaet. Veka har vore tung når det gjeld oppgåveskriving og innhenting av datamateriale, men eg skal komme i mål til slutt. Eg skal. Har heldigvis skjedd ein del gode og fine ting denne veka som gjer at smiler likevel :) Og under kjem dei aller fleste:

✦ klare å gjette mange av oppgåvene i Beat for beat før deltakarane :)
✦ "Adele goes undercover" – herleg og morosam video med Adele i spissen
✦ lunsj i byen med tre fine damer
✦ 5 fanteoriar om Harry Potter
✦ dei svarte polaroidbileta frå Polabora som kom i posten
✦ Synne sin mini-podcast :)
✦ ete middag på skulen saman med dei andre som tar masteroppgåvemnet
✦ fint innlegg om å leve her og no hos Maria, og dette innlegget hos Sandra om det å angre seg og skifte retning – så bra skrivne om viktige emne
✦ roleg laurdagskveld med den beste pizzaen, finaste mannen og The Producers frå 1967
✦ kjenner meg veldig igjen i det Ina skriv i dette innlegget: "Om livet hadde tatt en annen retning"
✦ få adventsmagasinet, som Mariell har laga, i posten (sparer det til neste helg, for det er jo fyrst då at adventstida har byrja)
✦ ha besøk av ei god veninne
✦ så herlege dyr hos cuteoverload.com: søtaste koalaen, dei raraste holepiggsvina og desse her
✦ lukta av nysteikt brød i heimen
✦ for eit søtt bokmerke; eg vil også ha ;)
✦ ha nok bøker å lese på innimellom skulearbeidet
✦ "Om att trivast i sitt eget sällskap" og "Jeg var utbrent"
✦ så smått byrje å høyre på julesongar
finfin inspirasjon angåande det å pakke inn julegåver

21. nov. 2015

Møbeloppussing

Ting tar tid. Det er jo ganske mange veker sidan me byrja på oppussing av soverommet, men dei siste vekene har det stått litt stille, det har rett og slett vore nok av andre ting å halde på med. I tillegg til å måle heile soverommet, prøver me å fjerne lakken frå senga slik at me kan lakke den med lakkbeis i ein grønleg farge. Billegare enn å kjøpe ei ny seng, men å få bort lakken er jaggu meg ikkje berre enkelt. Har prøvd å bruke denne lakkfjernaren, men veit ikkje om me synest det gjorde nytten (klissete er det i alle fall). Dimed blir pappa sin pussemaskin flittig brukt ute på balkongen, blant anna i dag. Før me kom så langt, gjekk me ein herleg tur i kald, men solrikt, vêr, handla på butikken, støvsugde heimen og laga ei lita teikning på kor me vil ha senga og kva mønster me vil måle på den eine veggen. Kjem til å bli ein roleg kveld i sofaen med film, heimelaga pizza og min betre halvdel :) Så er det jobb frå klokka halv tolv til seks i morgon. Og plutseleg er det ei ny veke.

20. nov. 2015

Luftballongar i stova

Før eg fekk den nye Macen, hadde eg lenge tenkt på å friske opp den gamle litt ved å lime på noko kontaktplast med marmormønster frå Panduro Hobby. Kontaktplasten kjøpte eg, men eg kom aldri noko lengre enn det. Så når eg då skaffa meg ny maskin, fann eg ut at no skulle eg gjere det. Hadde ikkje lenger lyst til å bruke marmormønsteret (kan heller bruke det på andre ting), så difor byrja eg å kikke litt rundt på nettet. Nettstaden society6.com er plassen å leite! Her finn ein personar som sel ørten forskjellige mønster, bilete, teikningar og liknande på alt frå T-skjorter til plakatar og slike klistremerke til datamaskinen. Nesten vanskeleg å velje fordi ein finn så mykje bra her, men eg klarte å velje til slutt. Motivet eg fall for, har eg eit lite bilete av på veggen inne på gjesterommet. Då eg såg at kunstnaren, David Fleck, sel motiva sine på forskjellige produkt hos society6, var det plutseleg enkelt. Tinga klistremerket heim, og det tok ikkje lang tid før det kom i posten. Enkelt å få det på dataen, og sjølv om eg ikkje har prøvd, er det nok relativt enkelt å få det av også om ein vil bytte; det er nemleg ikkje som eit heilt vanleg klistremerke, men litt tjukkare og spesiallaga til akkurat dette bruket. Synest Macen blei mykje meir meg, meir personleg og mykje friskare. Alltid kjekt med litt fargar samstundes som at motivet ikkje blei altfor mykje. Rett og slett kjempenøgd! Sit her med oppgåva, og seinare i dag er det av garde til jobben. I morgon er det helg :)

18. nov. 2015

Liten topptur ved hytta

På sundag, rett etter frukost og før me byrja på skulearbeid og slikt, tok me på oss gode ytterklede, fjellsko og gjekk ein liten tur. Me gjekk opp til ein topp i nærområdet rundt vatnet der hytta vår ligg. Det var ganske så vått ute etter både regn og hagl frå dagen før, men det var likevel så godt å kjenne frisk luft og nye utsikta. Trur me trengte det etter ein ganske så stillesitjande laurdag.


Oppe på toppen gjorde eg meg litt til. Alltid litt morosamt å tulle og tøyse foran kameraet, og så var eg glad for å endeleg ta i bruk den nye jakka eg kjøpte hos BergansDevoldfabrikken i sommar. Romseleg lommer (eg hadde både panneband og hansker med meg i lommene på den lille turen vår) og ein midje som er innsvinga, er noko av det eg fall for då eg fann jakka. Eit røvarkjøp!


Min betre halvdel måtte jo også posere litt ;) Det var ikkje lange turen, men det gjorde likevel godt for både kropp og sjel. Og med så bra selskap og den pene utsikt, kan eg ikkje klage :)


Måtte stoppe litt på veg ned for å titte på og ta bilete av all den fine mosen som låg rundt omkring. Kom tilbake til hytta og der fekk me gjort ein god del. I ferjekøen på veg heim, høyrde me eit opptak av programmet 20 spørsmål på radioen. Håper det ikkje blir så altfor lenge til ei helg på hytta!

16. nov. 2015

Hyttekos

Det er kanskje ikkje favoritsspelet mitt, men eg må nok likevel innrømme at å spele "Mexican Train" oppe på hytta saman med mannen min, mamma og pappa var ganske så artig. Så seriøse var me at me førte opp poenga i den lille speleboka som ligg på hytta. Mannen min og eg spelte på lag, og på fire av fem rundar fekk me null poeng, noko som er ganske så bra. Men det var kanskje litt juks i og med at me var to på laget, med andre ord dobbelt så mykje hjernekapasitet ;)

Stearinlys er jo eit must når ein er på hytta. No når det blir mørkt før klokka fem, går det ekstra mange stearinlys når ein ikkje har så mykje straum å ta av. Men så er det så utruleg koseleg med slike lys, det er ein ekstra kosefaktor og så mykje hygge! Å vere på hytta er noko heilt eige!

15. nov. 2015

Oppgåveskriving på hytta

Så godt å kunne vere ei helg på hytta, utan internett, støy frå motorvegen, kjas og mas. Fyrst ved frukostbordet i går høyrde me kva som hadde skjedd i Paris. Aldri kjekt med slike nyhende, og alle tankar går til dei som er råka. Kontrasten blei så stor der me sat oppe på hytta, i ro og fred. Me har no likevel hatt ei herleg helg der me har fått arbeidd med skule og jobb samstundes som me har slappa av. Mykje fin musikk, artig spel, bra quiz og gode samtalar saman med mamma og pappa. Dei to neste vekene kjem til å bli travle med skule, jobb og orkester (skal spele Nøtteknekkaren fire dagar på rad i slutten av månaden). Har klart å samle saman ein del fine ting denne sundagen også:

✦ eit par som var ute på tur med ein liten kattungen
✦ denne saka om dyremusikk, og ein morosam reaksjon hos ein katt
✦ vere på hytta
✦ Ida sin bokblogg "Midt i arkivet"
✦ sitje inne i hytta med kaffi og stearinlys medan det regnar som verst ute
✦ mange barndomsminne her, ja
✦ spele "Mexican Train"
✦ eg berre elskar bibliotek!
✦ få ro til å skrive og organisere ein del av oppgåva mi
✦ lese ut Career of Evil
✦ traileren til Dare to be Wild, ein film som er basert på hendingar frå ein periode av Mary Reynolds sitt liv, ho som laga denne fine teikninga til bryllaupet vårt
✦ og apropos bryllaup: trur det er viktig å setje fokus på dette (ikkje eit problem i vårt bryllaup)
✦ høyre på 20 spørsmål i ferjekø
✦ sjekk ut desse kule og søte dyra
✦ Downton Abbey
✦ gå tur opp til ein liten fjelltopp ved hytta
✦ "10 tips för att känna sig mindre ensam"
✦ avslutte dei to kveldane på hytta med quiz

14. nov. 2015

"Superoptikjempefantafenomenalistisk"


Det byrjar å bli ein god del veker sidan no, men eg vil likevel få anbefale å dra av garde til Folketeateret i Oslo for å sjå musikaloppsetninga av Mary Poppins. Me storkoste oss begge to, det visuelle er heilt magisk, songane både rørande og morosame og folka på scenen og i orkesteret er så utruleg gode. Ei oppleving eg kjem til å hugse lenge! Fram til 20.desember kan ein sjå forestillinga, og sjølv om den varer i omtrent tre timar, er det verdt det! Så kom deg av garde no i dag :)

13. nov. 2015

Akropolis i Lindos

På den fjerde dagen vår på Rhodos, tok me lokalbussen til Lindos, ein tur på ein liten halvtime. Omtrent alle husa i Lindos er kvite, og stranda skal visst vere utruleg fin. Det får me ha til gode, for me ville "til fjells" for å sjå akropolis. Akropolis er ei nemning på høgborgene i dei eldste byane i Hellas. Den mest kjente er nok den i Athen. I Lindos kunne me sitje på eit esel for å komme oss til toppen, men me tok beina våre fatt. Mange trappetrinn å gå, men det var jo ein del av opplevinga.


Fantastisk utsikt då me fyrst var komme oss heilt til toppen. Og som om ikkje ruinane og utsikta var nok, så var det mykje å sjå i fjellveggen også. Vêret var i tillegg akkurat passe med nokre vindkast innimellom slik at me ikkje blei altfor varme, særskilt på veg opp til akropolis.


Kan nok ikkje påstå at eg før turen vår til Lindos las noko særskilt om byen eller om akropolis. Men eg synest jo likevel det er interessant og fascinerande å gå rundt og sjå, det er jo som å vere i eit heilt anna hundreår! Her kan de lese om Lindos viss de vil vite meir om byen og ruinane.


Til slutt eit par bilete med nokre små detaljar, blant anna esla og noko me syntest var litt morosamt: nemleg skilt til dei forskjellige plassane i Lindos, og der var også eselplassen nemnt ;) Då trur eg at eg har delt dei fleste høgdepunta frå turen vår til Rhodos. I same slengen: god helg!