16. apr. 2014

Ein firbeint ven

Jeremias er ein hannkatt som er sånn cirka tolv år. Han har masse, masse pels som er tjukk og god, og han er så fin i fargane oransje og kvit. Kvar gong eg er på besøk her, blir det ein del klapping og kosing med den fine katten. Når han vil vel å merke. Av og til vil han berre ha litt mat, vere ute eller liggje i fred. Men han er no fin uansett :) Dagane her på Sjøholt har gått litt for fort, og no når dette innlegget blir posta, er med på veg til Sola. Me har leika mykje med ungane (rart, men utruleg kjekt å vere tante Silje), gått ein tur med dei, me har slappa av, og i går var me ein tur på den fine kaféen Tante Bruun i Ålesund sentrum, berre oss to. Ein liten date. Håper de alle har det fint i påska! Og om nokon lurer: idéen med den kvite ramma har eg henta her.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Jeremias hilser og sier takk for besøket og velkommen tilbake! Han liker så godt å bli klødd på! Koser seg inne nå når disse små, nifse folka har lagt seg :-)

Silje sa...

Håper de har hatt nokre fine dagar sånn på tampen av påska :) Me har nettopp komme heim frå hytta, og der har me hatt det alle tiders med sol, kryssord, quiz, brettspel og alt det som ein skal gjere i påska :) Så er det vidare til Kr.sand i morgon.

Legg igjen ein fin tanke