6. aug. 2013

Jeremias

Sommarferien nærmar seg slutten, og her på Sola går dagane i eitt. Trur me alle lever litt i ei eiga boble med tanke på alt som skal bli gjort og alt det som me ikkje får gjort på grunn av vatnet i kjellaren. Som mamma seier: "nå blir det unntakstilstand i øve ett halvt år her...". Men slik er det berre, og det gjeld ganske mange i gata vår. Dei, mamma og pappa, er i alle fall veldig glade for at dei har bestilt sydentur i september :) Har ikkje tatt noko særskilt med bilete dei siste dagane (utanom bilete av kjellaren – alle kleda og tinga som låg der nede), så difor deler eg heller nokre bilete av Jeremias. Finaste pusen. Men han var litt redd meg då eg kom til Sjøholt med trillekoffert midt på natta for snart to veker sidan. Stakkars. Eg fekk lov til å kose med han dei siste dagane, og då var det også fram med kameraet. Ein ordentleg fotogen pus!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Nei - for en fin pusekatt :-)) Ble litt overrasket da jeg klikket på bloggen din i dag, ja! Men så jo at du "jaktet" med kameraet siste dagen. Bra at dere kom overens til slutt :-). Det hele var nok en liten misforståelse - tror ikke han kjente deg igjen i nattens mulm og mørke, og da tok det litt tid før skrekken forsvant.

Håper dere har fått orden på kjellerkaoset. Dvs - det er vel ting som tar tid å fikse, men bare vatnet er borte og alt tørka opp, så hjelper det vel på litt....

Silje sa...

Joda, me blei vener den siste dagen, så eg fekk komme nær med kameraet og kose litt med han :)

Tja, me har det jo bra, men det er mykje å gjere. Og så får me ikkje lov til å ta opp golvet sjølve, og dimed har me ikkje fått bort alt vatnet (men håpar dei (ekspertane) kjem snart). Heldigvis var det få ting av verdi som gjekk fløyten, så det går vel bra til slutt skal du sjå :)

Legg igjen ein fin tanke