Om meg og bloggen

Denne bloggen blei oppretta hausten 2009 då eg flytta til Bømlo for å gå på folkehøgskule. Dagleg rapporterte eg om det som skjedde på øya til dei der heime (familien, kjærasten og andre bekjente). Saman med kjærasten min (no ektemann), flytta eg til Kr.sand hausten 2010, og då bestemte eg meg for å fortsetje med blogginga, men ikkje dagleg – livet mitt er ikkje fullt så interessant. Eg bur saman med ektemannen min, han eg gifta meg med i mai 2015. I desember 2013 fullførte eg bachelorgraden min i kommunikasjon ved UiA (sjekk gjerne ut prosjektoppgåva mi som var ein del av pensumgrunnlaget i emnet digital formidling). I mai 2014 flytta me tilbake til Stavanger, og ved UiS tok eg ein mastegrad i lesevitskap. Mastergraden blei eg ferdig med juni 2016. No for tida jobbar eg som utstillingsvert ved Vitenfabrikken i Sandnes. Her på bloggen vil du finne alt frå små kvardagsgleder til DIY-prosjekt, mange bøker, korte og lange turar, nokre reiser, litt om jobblivet og blogginnlegg om bryllaupet vårt. Håper at akkurat du kjem til å finne noko du liker her inne :)