Lenkjer

Her finn du forslag til andre bloggar og nettstader som kan vere interessante eller inspirerande:

A beautiful living
Denne bloggen kom eg over då skribenten bak bloggen, Julianne, la igjen ein kommentar her på bloggen min. Sidan har me kommentert litt fram og tilbake, og det er alltid så kjekt å sjå kva Julianne deler på bloggen sin. Anten det er ei liste med tjue kjekke fakta eller eit innlegg med mange bilete av kule retrostoff og loppisfunn, er dette ein blogg som for meg lysar opp ein grå dag. Blogga før på tusenogenhatt.com, men den nye bloggen er like fin og like inspirerande.

A Beautiful Mess
To systre - ein blogg. Mange, fine idéar til ting du kan gjere og lage sjølv (alt frå bokhyller til korleis å lage din eigen brudekjole) og elles ein kjempefin kvardagsblogg med alt det inneber.

Billa - hobbydilla 
Ei av mine beste venninner skriv blogg om handarbeid, om studietida ved Raulansdakademiet der ho studerte folkekunst og om morsrollen. Mange fine bilete og hvis du vil kan du bestille eit heimelaga produkt. Eg blir imponert kvar gong ho gjer ferdig eit nytt prosjekt!

bokelskere.no
Denne sida har eg allereie skrive litt om i dette innlegget, men det er rett og slett ei side kor du kan organisere dine favorittbøker, bøker du har lest eller vil lese og du kan diskutere bøker med andre bokelskere. 

Emily Dahl
Fordi ho har den finaste pølsehunden, nemleg dachsen Arthur. Fordi ho tar så vakre bilete, skriv like vakkert som bileta og fordi ho har den finaste bloggjulkalenderen.

Et dryss kanel
Herleg å lese denne bloggen når ein treng litt avkopling. Synne skriv mykje om alle dei fine plassane ho har besøk, til dømes om Gøteborg, Krakow, Paris, Glasgow og om andre fine reisar. Elles så finn ein kjekke innlegg som "quirks" og om det å vere lettrørt (kjenner eg meg igjen, mon tru?!), om vintagekjolar, venefestar, det å vere med på galla og mykje anna fint.

etsy.com
Ein oversiktleg og fin side for deg som liker å kjøpe eller å selje heimelaga ting, hobbyrelaterte saker og klede. Har allereie benyttet meg av sida og må sei eg er fornøgd med de knappane eg mottok i posten. Du kan legge til favorittseljere og favorittprodukt, kommentere, diskutere og snakke med andre. Prøv den ut!

Hej Regina!
Her er ein blogg der eg verkeleg finn mykje inspirasjon til korleis eg kan gjere heimen finare, anten det er å måle soveromsveggen med geometriske figurar eller korleis eg kan lage enkle, stilige lysestakar.

hjartesmil
Ein inspirerande blogg med fine, store bilete og nydelege tekstar. Her kan eg drøyme meg bort og bli inspirert til å verkeleg gjere noko. Bloggen er på nynorsk, noko som gjer bloggen endå finere :)

imdb.com
Her er sida for deg som liker film og skodespelare. Du kan huke av de filmene du har sett, lage ei liste over filmar du vil sjå, sjekke ut kva for nokre filmar akkurat den skodespelaren har spelt i m.m.

Isabelle Pedersen
Isabelle bloggar om fine vintageklede, om bryllaupsinspirasjon, om livet og kærleiken, om feminisme og ho viser fram bilete ho sjølv har tatt, til dømes bilete frå dette fine vinterbryllaupet.

Jonna Jinton
For ein nydeleg blogg! Jonna bur Grundtjärn i Sverige, ei lita bygd der det bur rundt ti faste innbyggjarar. Ho reiste frå Gøteborg og til Grundtjärn åleine og bur no med ein hund og ein katt. Tenk å berre dra bort, gjere noko anna enn å studere og jobbe år ut og år inn. Ho skriv tydeleg at dette er ikkje for alle, men at for ho var det rett. Synest det er viktig å tenkje på at me bør bli betre på å gjere det me sjølv vil, og ikkje det vener eller samfunnet forventar av oss. Bileta ho legg ut er noko av det vakraste eg har sett, og filmsnuttar som dette tar pusten frå meg!

Grafisk designar. Kjempefin stil. Nydeleg interiør i leilegheita som ho og mannen eig. Herleg og inspirerande blogg :)

Mewkid
Den mest fargerike bloggen eg veit om! Ina bloggar om livet med ektemannen, om Mummikoppar og fargerikt interiør, om loppisfunn, Lushprodukt og om vegetarmat og miljøvern.

Noe fint hver dag
Ein blogg om små kvardagsgleder, mammarollen, fine og enkle basisklede (blir så inspirert til å ta fatt på min eigen garderobe!), om vegetarmat og om så mykje anna fint.

pinterest.com
"Pinterest lar deg organisere alle de vakre tingene du finner på nettet. Folk bruker oppslagstavler til å planlegge drømmehjemmet, organisere sine favorittoppskrifter og liknende." Ein veldig fin og visuell måte å organisere idéar på. Det er her eg finn mykje av min inspirasjon til korleis å innreie eit hus, lage ting og tang, fine klede og nydelege fotografi. Ein av mine absolutte favorittar! Her inne heiter eg siljehusmor eller Silje HU, så er det berre til å sjekke det ut :)

Sitrende
Her kan eg sitje i mange timar og berre sjå. Sjå på bileta, drøyme meg vekk. Tiril tar nokre av dei mest drøymande og finaste bileta eg veit om. Ho har også sitt eige fotofirma som ein kan finne her på fotoforundring.no. Tiril deler også fine kvardagsaugneblink og tips til betre fotogarfering.

Stilleben
Her finn ein små kvardagsglimt, kaffi, gode oppskrifter og velkomponerte bilete. Ingvild skreiv før på bloggen Ting som gjør en glad og no har ho starta på nytt med bloggen Stilleben. Så enkelt og fint!

Tankeflaske
Marit er ei eg kjenner frå studietida mi i Kristiansand og som eg har stor respekt for. Ho er ei dame med bein i nasen, godt humør og alltid like god på å gi flotte kommentarar og gode kompliment. Ei eg er glad for at eg kjenner, ei som er reflektert og som alltid seier "ja" til ein kaffidate. Ord er også ei av Marit sine sterke sider, noko ein kan sjå på bloggen hennar Tankeflaske :)

Tea, books and Gilmore Girls
Ida deler små kvardagsgleder der hovudfokuset ligg på bøker og fine lister. Ein blogg eg blir ordentleg glad av å besøke :) Ein kan også følgje Ida på Instagram, noko ein kan gjere her.