9. mai 2018

Tur rundt på campus og koseleg kafé

Rolege dagar her i Moncton. Etter å ha vore vaken i over eitt døgn i tillegg til å vere på reisefot i over seksten av dei tjuefire timane, kjenner eg at det gjer godt å ikkje gjere så altfor mykje no dei fyrste dagane i ein heilt ny by. På måndag vandra me som nemnt litt rundt på campus. Mannen min held på med ein phd-grad i matematikkdidaktikk og har no ei form for utvekslingsopphald her ved Université de Moncton. Som i Noreg er det fleire forskjellige bygg på campus alt etter kva ein studerer (forskjellige bygg til forskjellige fakultet). På bileta over er det idrettshallen, lærarbygget og ei blokk der mange av studentane bur. Synest måleriet på veggen er superfin og tøff. Det blei laga i fjor av kunstnaren Wasp Elder og viser Molly Muise, ei dame av det nord-amerikanske urfolket mi'kmaq. Viktig å syne fram forskjellige kulturar. Den kvite bjørka mot den grå veggen og den blå himmelen tok eg berre bilete av fordi eg syntest det var fine kontrastar.


Før me gav oss for dagen, traska me bort til den nærmaste kaféen, nemleg Tony's Bistro & Pâtisserie. Der drakk me kvar vår kaffi og åt ein lunsj (som ikkje blei med på bilete). Så fint å endeleg få vere i lag med denne karen igjen! Fin plass og god mat og service, så her kjem me nok til å gå nokre gongar til. I går tok me bussen til den "store" butikken, for det er nemleg eit lite stykke til nærmaste supermarknad der ein finn alt ein treng (nærbutikken har greitt utval, men den har til dømes ikkje noko frukt og grønt). Så får me sjå kva me kjem til å fylle denne dagen med.

Legg igjen ein fin tanke