2. mai 2018

Ny og fargerik løpar – heilt heimelaga

For eit par veker sidan, blei eg endeleg ferdig med å hekle saman alle dei sekskanta lappane. Alle trådane er festa, løparen er stroken, no er den klar. Stova vår er til vanleg ganske fargerik og sidan løparen er hekla i tre fargar, blei det no endå fleire fargar. Er ikkje sikker på om løparen kjem til å liggje året rundt, men me kan no i alle fall velje (har berre hatt den oransje fram til no). Men eg er i alle fall nøgd med resultatet og det at eg fekk til å hekle dei saman. Tidlegare har eg berre sydd dei i hop, men etter litt prøving og feiling skjønte eg korleis eg skulle hekle dei saman. Og det blei hakket finare. Oppskrifta på sekskantane fann eg i Løkke for løkke. Et moderne hekleleksikon som eg har ståande i bokhylla. Genialt å ha den boka, for i den står det aller meste eg treng når eg heklar. Rart å vere ferdig, for kva skal eg no gjere medan eg ser film eller ein episode av favorittserien?! Må nok finne på noko etter kvart, men akkurat no er det snart av garde til den vanlege seinvakta på jobb.

Legg igjen ein fin tanke