6. mai 2018

Kofferten er pakka og klar, i morgon er eg i Canada

No ber det av garde. Har ikkje laga ei sundagliste på førehand, får heller lage ei dobbel neste veke. I staden vil eg berre stikke innom for å seie at kofferten er pakka, alt er klart og at det blir ein lang dag. For turen tar omtrent sytten timar. Men når eg fyrst er framme, skal eg vere der ei stund. Saman med den finaste. Ein ferie med mykje lesing, ein musikal, køyre over ei bru på tretten kilometer og andre opplevingar me enno ikkje har planlagt. Ha tid til å berre vandre rundt, utforske små kaféar og butikkar, ta toget ein stad, sånn heilt på måfå. Og vere saman med han fine igjen :)

Legg igjen ein fin tanke