16. mai 2018

Halifax

Skulle gjerne hatt litt betre tid i Halifax, for det er ein fin by og det var mykje me ikkje rakk å sjå. Men slik er det nokre gongar. I ei av gatene låg det fargerike hus på rekkje og rad, minner meg om Fargegata heime i Stavanger. I eit av husa bur nok "gatas heks". I alle fall i følgje skiltet. Stakk innom vintagebutikken Elsie's Clothing. Fann ikkje noko som eg berre måtte ha, men det var ein akkurat passe herleg og fargerik butikk. Og den raude kjolen var jo ganske fin og søt.


Me overnatta på koselege Garden South Park Inn. Det ligg veldig sentralt, så det var berre å parkere bilen og gå rundt i byen. Så rart å sjå kontrasten mellom den gamle, store kyrkja og dei nye og endå større bygingane. Noko av det finaste var å sjå regnbogeflagget på gata som eit fotgjengarfelt :)


Når eg går rundt og vandrar i ein ny by, er det alltid like spennande å sjå på dei forskjellige bygningane, oppdage små og store detaljar. Hus i friske fargar, smale trapper (og visstnok ein kafé med namnet Narrow Espresso) og gamle hus midt blant store, nye blokker. Lita oppdagingsferd!

Legg igjen ein fin tanke