4. mai 2018

Det sosiale biblioteket 📚

Me var også innom Deichman Stovner då me var i Oslo førre veke. Skal prøve å ikkje skrive for mykje og heller la bileta tale for seg sjølve. Biblioteket ligg på Stovner senter, akkurat som Madla bibliotek. I nærmare førti år låg biblioteket i ein parkeringskjellar, noko som ikkje var særskilt eigna. I januar i år opna dei i nye lokale inne på senteret, og det er blitt noko heilt anna. Om ein ser etter, kan ein sjå at det er same arkitekten bak interiøret som på Tøyen, men det gjer ikkje noko; eg diggar det. Idéen bak Deichman Stovner er at det skal vere "det sosiale biblioteket", ein møteplass. Ein ser det meir og meir, og eg meiner det er viktig. Eit folkebibliotek skal vere eit lågterskeltilbod og det må vere lov til å prate, kanskje spele eit spel, drikke ein kopp med kaffi. Detaljar som ein ABC-kommode, dei finaste leseplassane, eit bord av ein gammal traktor, eit WC-skilt for alle og ikkje minst fargane, særskilt på det øvste biletet. Også på dette biblioteket kunne eg ha komme kvar dag for å lese, slappe av, drikke ein kopp latte og lese endå meir. For sjølv om det er eit "sosialt bibliotek" er det mange nok krikar og krokar der ein kan sitje for seg sjølv og berre la tankane fare.

Legg igjen ein fin tanke