11. mai 2018

Buss til sentrum og ein promenade langs elva


Dagane her går litt i eitt. Me vaknar og står opp i halv ni-tida, et frukost og etterpå har han ei jobbeøkt medan eg legg inn bilete frå kamerat og les i ei bok og to. Sidan går me ut døra for å gå på ein kafé, vandre i nabolaget eller for å utforske byen. Me har allereie planlagt litt forskjellig neste veke, så det er eigentleg akkurat passe å berre ta dagane som dei kjem no denne veka. Her om dagen tok me bussen ned mot sentrum. Måtte gå eit lite stykke frå der bussen stoppa og inn til sjølve bykjernen, og då gjekk me langs elva Petitcodiac, populært kalt "sjokoladeelva" på grunn av fargen. Langs elva fann me fleire kunstverk og den fyrste var Les Portes Françaises. I 1999 skreiv 2500 barn mellom fem og ti år ned sine franske favorittord for å feire det franske språket. "Famille", "amis" og "paix" – "familie", "vener" og "fred". Vakre ord som varmar hjartet.


Den lille spaserturen var ikkje særskilt lang, men me brukte likevel ein del tid på å gå den sidan det var så mykje å stoppe opp for å sjå på ;) Ei lita gangbru i flotte fargar fanga no blikket mitt og det same med det lille huset. Veit ikkje heilt kva huset blir brukt til, men den duse blåfargen mot det raude taket måtte eg jo berre fange på film. Og den knallblå himmelen. Ikkje lenge etterpå såg me ein statue av Joseph Salter, den fyrste borgarmeistaren i Moncton, om bord på ein slags båt.


Ingen løyndom at eg er begeistra for gatekunst. Trudde fyrst skjelpadda på veggen var vanleg graffiti, men då eg gjekk nærmare, oppdaga eg at den er laga av fargerik skrot. Diggar motivet og diggar gjenbruk! Etter å ha vore innom det offentlege biblioteket og ete middag, gjekk me same vegen tilbake. På bygget til ein sykkelreparatør, fann me ein stilig graffitikunst, rett og slett sånt som gjer meg glad. Vidare bortetter elva ligg også Château Moncton, eit hotell som liknar på eit lite slott. Sjølv med noko vind, var det ein fin tur som gjorde oss litt betre kjent med Moncton by.

Legg igjen ein fin tanke