14. mai 2018

Bibliothèque publique de Moncton

Etter å ha vore innom biblioteket i Stockholm i fjor i tillegg til ein biblioteksrunde på Interrail-turen vår, har det no blitt ein vane å besøke biblioteket i ein ny by. Mannen min sa seg villig til å posere foran statuen ved inngangspartiet; bok møter ny teknologi ;) Statuen er forresten Northrop Frye, ein kanadisk litteraturkritikar og -forskar. Eg synest han liknar Ibsen og Bjørnson.


Store vindauge gjer at sola får lov til å skine inn og skape ein lys atmosfære i inngangspartiet. Fine, men enkle hyller som ikkje er av metall, for i mine auge er hyller av metall ikkje dei mest estetiske. Også inne på biblioteket, fann me ein figur med beina i kross. Aner eg eit visst mønster her?! Fyrstkommande laurdag er det kongeleg bryllaup og då blir det så klart ei utstilling.


Norske forfattarar finn ein i bokhyllene også her i byen. Synest det er tøft! Inga overrasking då eg fann dei fleste bøkene i Anne-serien, til og med i fleire utgåver. I barneavdelinga var det laga til ein skikkeleg leikekrok, og ved nokre av borda kan ein fint sitje og ete (og så klart er plakatane både på engelsk og på fransk). Og så veit eg ikkje om alle brikkene er der, men litt kult å setje seg ned og sjå om du finn ei brikke eller to som passar viss du treng å berre gjere noko heilt anna. Bra plass!

Legg igjen ein fin tanke