1. apr. 2018

Sosial krabat

Førre sundag, altså for akkurat ei veke sidan, var det middag og dessert heime på Sola. Zalo er plutseleg blitt mykje meir sosial og var heilt hundre då me skulle ete nokre rislappar. Ha, ha, det var verkeleg ikkje fred å få! Og nei, han fekk ikkje noko særskilt av maten vår sjølv om det kanskje ser slik ut på det fyrste biletet ;) Artig å sjå at han vil vere med oss, både på kjøkkenet og når me sit foran TV-en med noko handarbeid. Inga sundagsliste i dag, men ville gi eit lite pip frå meg likevel :)

Legg igjen ein fin tanke