6. apr. 2018

Påskekos for ein kvar smak

Orkesterhelg no denne helga. Førre helg derimot var det avslapping og påskekos i søkk og kav. Litt Twist og anna påskegodt, og me åt gode moffeloffar ein av dagane. Finaste Balto gjekk i eitt med golvteppet. Sola skein inn i stova og eg las nokre striper av Billy. "Alias" og "Ticket to Ride" blei spelt (og du kan tro det blei høgt under taket då me spelte "Alias"). Taco er alltid perfekt helgekos, uansett kvar ein er. Om kveldane blei det quiz. Og så berre måtte eg ta bilete av den herlege påskeservietten. For påske på hytta er tingen. Men eg ser også fram til konsert med orkesteret.

Legg igjen ein fin tanke