2. apr. 2018

Kaffi, bøker, kortspel og radio på hytta = ordentleg påskehygge

Tilbake til byen og kvardagen. Fri i dag, jobb i morgon. Det er vel ingen tvil om at me har hatt nokre herlege dagar på hytta, og bileta kjem litt etter litt i løpet av veka. Fyrste dagen (og ikkje minst natta) blåste det noko inni granskauen, men sola titta fram kvar dag. Inn gjennom vindauga, på vatnet og landskapet. Medan det blåste som verst var det godt å sitje inne med ei bok i fanget og ein kaffikopp i handa, tulla inn i eit varmt teppe. Og så klart var det påskekrim eg las ;) Nokon spelte kort og kvar morgon høyrde me "Påskelabyrinten" på radioen. Påskehygge på sitt aller beste.

Legg igjen ein fin tanke