4. apr. 2018

Fjell- og hytteaktivitetar

Balto, hunden til tanta mi og hennar familie, var med oss opp på fjellet no i påska (saman med hans eiga familie også, berre sånn at de veit det). Ein kjempefin mellompuddel som gjerne var med ut og som leika med ein utslitt sko inne etterpå får han sovna på golvteppet. Hytta stod der så varm og gyllen mot den knallblå himmelen og den kvite snøen. Nokon var ute på vatnet for å prøve sparken, og med det flotte vêret skjønner eg dei godt. UNO var eit av spela me spelte og i vindaugskarmen stod påskeharen og -kyllingen. Eller, usikker på om det er ein kylling, men artig påskepynt likevel.


I hytta er det ikkje innlagt vatn, så ein av dagane måtte me ned til vatnet for å bore hol i isen. Vatnet frå Moslivatnet bruker me til dusjing og oppvask, så drikkevatnet må me ha med oss heimefrå eller frå byen. Me brukte isbor for å lage hol, for isen var tjukk. Tok litt tid før me kom oss gjennom, men etter kvart fekk me teken på det. Sjekk ut den tjukke, lilla regnbuksa eg lånte. Ikkje min farge, men den gjorde nytta sidan eg berre hadde ei vanleg ullstrømpebukse og ei tynn turbukse på (for jaggu var det kaldt der oppe). Og med to fulle bøtter, traska me opp til hytta.

Legg igjen ein fin tanke