15. apr. 2018

Endeleg vår, endeleg fotobok og super langhelg

Som sikkert veldig mange andre denne helga, har eg vore glad og verkeleg nytt vårvêret. Kaffi om morgonen ute i solveggen hos veninna mi på Kongsberg, kan det bli betre?! Arbeidsdagane gjekk som normalt måndag, tysdag og onsdag, og det same med orkesterøvinga tysdagskveld. Torsdag derimot stakk eg av garde med toget til Kongsberg og det blei ei kjempefin langhelg saman med ei god veninne som eg kjenner frå folkehøgskulen. Fekk også møtt broren min på ein koseleg kafé der me tok kvar vår kaffi, åt ein vaffel og prata. Alltid veldig kjekt med ei slik helg og det gjorde godt å få treffe ho veninna mi igjen (det går nemleg litt for lenge mellom kvar gong som me klarer å møtast). Og tenk – i dag er det berre tre veker igjen til eg reiser! Vår i lufta og mykje bra på lista:

✦ veldig kjekt å gjere ferdig og få fotobok frå bryllaupet vårt i posten (etter nesten tre år)
✦ langhelg på Kongsberg, fleire bilete kjem ;)
✦ kan ikkje minigrisane alltid vere så små og søte, slik som @mybestfriendhank?!
✦ Numedalslågen mellom vinter og vår
✦ frå førre sundag, men like fin i dag også: "Ønsker for søndag" inne hos Ine
✦ starte laurdagen med å drikke ein kopp kaffi i solveggen
✦ den fyrste episoden av ein animert og herleg serie om gatekatten Bob
✦ når ein ser at folk byrjar å setje seg ned på benkane ved Breiavatnet, då er det vår
✦ fint skrive om det å ønske eit heilt vanleg, fint og middelmådig liv via Julianne
✦ fin bok, nemleg Vente på fuglen
✦ hurra for fjerning av plastbestikk, håper fleire gjer det same
✦ fargerik, fin og bua bokhylle på Kongsberg bibliotek
✦ likte godt kaffikoppen eg drakk frå hos veninna mi og det stilige teppet som låg i godstolen
✦ tenk å bli fridd til ved å løyse eit kryssord
✦ gjere litt fransk kvar dag
✦ kul gatekunst, diggar Stavanger for akkurat dette
✦ stas frå Stavanger: to Cannes-prisar til Lykkeland og kjempemelding av restauranten Tango
✦ vår på torget
✦ lese mykje på toget, både veg til Kongsberg og på heimvegen

Legg igjen ein fin tanke