20. apr. 2018

Eit par nye innkjøp

Så klart drog eg ikkje til Kongsberg førre helg for å storhandle, men sidan me var innom byen både fredagen og laurdagen, titta me inn i nokre butikkar og jaggu meg fann eg både det eine og det andre. Har lenge tenkt at eg skulle ha hatt ei jakke som eg kan bruke no når det endå er tidleg vår (den kom jo seint i år) og utpå seinsommaren. På Vero Moda fann eg den perfekte parkasen: passe lett og med snøring i midja. Fann elles ein genser med det kulaste mønsteret, serviettar i same mønster som gryteklutane våre og sennepsgule lys, dei to siste frå Kremmerhuset. Ein liten pose med krokansjokolade fann eg også, og på ein gjenbruksbutikk fall blikket mitt på to bøker av sjølvaste krimdronninga. Ganske så nøgd med desse kjøpa, ja. Kos deg, for no er fredagen her!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så mye fint du fant ^^ Likte spesielt godt Agatha Christie-bøkene ;)

Silje sa...

Så einig! :D Har no nyleg byrja å samla på Christie-bøker, og då desse to kosta 10 kr. kvar, slo eg til ;) God måndag, fine deg!

Ida sa...

Ååå her var det mange fine funn ;) Likte spesielt godt Agatha Christie-bøkene og den orange genseren. Hvor kjøpte du den?

Silje sa...

Agatha Christe-bøker er alltid klassikarar, så eg ser ofte etter slike når eg er på ein gjenbruksbutikk. Genseren kjøpte eg på ein butikk (i Kongsberg) som heiter Zavanna. Hadde ikkje høyrt om den tidlegare, men digga fargen og mønsteret på genseren, så den berre måtte eg ha med meg heim ;)

Legg igjen ein fin tanke