19. apr. 2018

Artige, fargerike detaljar på Kongsberg bibliotek

Skulle eigentleg ta ein ordentleg runde på biblioteket i Kongsberg, kanskje setje meg ned ein liten augeblink med ei bok i fanget. Men eg blei forsinka ut døra, og derfor blei det ikkje "den store biblioteksturen" som eg hadde sett for meg. Likevel fekk eg sett meg litt rundt saman med broren min. Eg fall veldig for fargevalet, og dei bua bokhyllene gjer lokalet mykare. Ei eiga skofri barnesone blant alle dei flotte fargane og så stod eg nesten og lo då eg såg krimavdelinga. "Crime scene – do not cross" på knallgule teipband og spor av eit lik i taket – av alle plassar! Å besøke biblioteket i kvar nye by eg besøker er blitt den nye greia. Eg berre diggar det!

Legg igjen ein fin tanke