16. mars 2018

Den beste frukosten

Bra start på helga når det er sol på veg til jobb og også når ein syklar heim frå jobb klokka halv seks. Det gjer noko med humøret, ingen tvil om det. Noko anna som også kan lyse opp ein lang vinter, er heimelaga brød. Eg er ikkje den som skal ha æra for å ha laga desse, den må eg nok gi til min betre halvdel. Å starte dagen med god frukost der nokre skiver med heimebakt brød og nytrakta kaffi er hovudingrediensane, det er alle tiders! Jobb i morgon også, men har elles lite planar for helga.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Åh, så deilig! Jeg får ikke helt til dette med brødbaking, synes brødene enten aldri blir ferdigstekte, eller blir tørre etter en time. Men prøver igjen, må ikke gi opp.

Silje sa...

Som nemnt i blogginnlegget, er det ikkje eg som lager desse, men min betre halvdel. Eg er generelt ikkje så veldig glad i å stå på kjøkkenet og lage mat. Men eg bør jo eigentleg gi det nokre forsøk, så eg skal aldri seie aldri ;)

Legg igjen ein fin tanke