12. feb. 2018

Og plutselig var verda kvit igjen

Altså, det vêret her i byen for tida. Bar bakke, klar himmel og sol den eine dagen, grå skyer og regn den neste. Og i dag vakna me opp til snø, både på bakken og i lufta. Planen var å sykle, men den tanken slo eg raskt frå meg. Dei kvite små flaka dalte ned og la seg så fint på på bakken, på tre, på eit gjerde. Travel dag på jobb med å gjere resten klart til boksal, få alle dei reserverte bøkene ut på hylla og kodeklubb (for no er det vinterferie, og då har me fleire arrangement enn det me pleier). I tillegg hadde eg ei vakt nede i byen, så det gjekk slag i slag. Og det var måndagen min i korte trekk.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Denne vinteren har vært den lengste sammenhengende på mange år, tror jeg. Her har vi hatt snø og vinterføre siden romjula, med noen avbrekk med holke. Men likevel, holke er vinterføre. Temperaturen har holdt seg +- noen grader rundt 0. Det er litt godt å slippe all slapsen som gjerne preger vinteren her oppe. Og nysnø er jo noe av det fineste, å se snøflakene dale ned. Håper du får en kjempefin uke, Silje <3

Silje sa...

Vinteren har ikkje vore samanhengande her, tvert i mot: det har rett og slett vore mykje fram og tilbake. Men om ikkje anna så blir det i alle fall mykje lysare med ein gong snøen kjem :) Veka har starta bra, så eg skal ikkje klage ^^ God tysdag til deg, fine Ida <3

Legg igjen ein fin tanke