4. feb. 2018

Franskøving og ei reise til Canada

Som tittelen på blogginnlegget seier, skal eg skrive noko om fransk og Canada. Fyrst vil eg likevel få seie at denne veka har vore mykje meir enn "berre" det med konsertar, teammøte på jobb, sol, kinobesøk, besøk hos eit venepar og ikkje minst timar med lesing. Men over til tittelen. Me skal nemleg til Canada no i vår. Mannen min skal til byen Moncton i tre månadar i samband med phd.-graden han held på med. Eg skal besøke han dryge tre veker i mai. Det er difor me prøver å lære oss fransk, for Moncton ligg i New Brunswick, den einaste provinsen som offisielt er tospråkleg (fransk og engelsk). Rett og slett veldig spennande! Under er veka mi i mange kjekke og fine punkt:

✦ tinge flybillettar til Moncton i Canada
✦ date med høgtlesing av lappane frå minneglaset og eit glas med vin
✦ 8 flotte bruktmarknadar i Europa som eg gjerne tar turen til
✦ lese ut den rå og samstundes fine boka Call Me By Your Name
✦ boka er forresten nominert til Oscar, og her er det ei som har gått i filmens fotspor
✦ gå forbi eit fint hus i like fine fargar på veg til jobb
✦ konsertdag med orkesteret omtrent heile fredagen
✦ "5 Literary Heroines Who Were Feminists Before Feminism Even Existed"
✦ heimelaga latte og ei bra krimbok er alltid ein slagar
✦ øve meir på fransk med Duolingo og Coffee Break French
✦ "Cavatina" med 2CELLOS
✦ sjå dokumentaren Ex Libris: New York Public Library på Cinemateket
✦ vinter kan vere vakkert, noko Emily verkeleg har klart å fange
✦ nydeleg solnedgang på veg til bussen i halv seks-tida i går kveld
✦ liten sundagstur opp til Ullandhaugtårnet (beste utsikta) i herleg vintervêr
✦ denne lista med dei beste britiske filmkarakterane med blant anna Mary Poppins, Billy Elliot, Harry Potter og James Bond
✦ laurdagskveld hos eit venepar med god mat, mykje prat, latter og koseleg borddekorasjon
✦ "Hjerneflukten fra Norge" – bra ytring om mastergrad og flerkulturell bakgrunn
✦ kaffipause med bok og finaste handlenettet, for sånt må til når ein har fire konsertar på ein dag
✦ bra, effektivt og kjekt møte med mine nærmaste kollegaer
✦ eg har kanskje delt denne før, men ein liten artikkel med 14 nydeleg bokbutikkar
✦ lange skuggar laga av sola, så herleg at det stadig blir lysare ute

Legg igjen ein fin tanke