5. jan. 2018

2017 i tolv bilete

For tredje året på rad tenkjer eg å oppsummere fjoråret med tolv bilete, eit bilete for kvar månad. 2017 var prega av mange nye opplevingar (les: reisar), kjøkkenoppussing, mykje boklesing og ein god del kvardag. På ein god måte, for det er jo kvardagar det er mest av. Januar såg slik ut: lite hint av snø, kose meg med Anne fra Bjørkely, ein tur innom årets fyrste loppemarknad, trolsk stemning rundt Mosvatnet og høgdepunktet kom heilt i slutten av månaden med tur til London (musikalen Wicked, teaterstykket The Curious Incident of the Dog in the Night-Time, litt shopping og så klart tur til Harry Potter-studioet).


Februar: dele bilete og kjekke minne frå London-turen, blogginnlegg om tid, ei veke med seks dagar på jobb, vere barnevakt, tur innom kunstmuseet, lese ut den herlege boka The Rosie Effect, lage ein slags haldar til pinssamlinga mi, SSO-konsert, gå Eiganesturen og sjå snøklokker.


Mars: sjå den finaste filmen Like Stars on Earth, feire pappa sin 60-årsdag, fin Interrail-billettane i posten, ei liste om "akkurat no", Hillevågsturen, bokvurderingsmøte på Tau med jobben, utdrikkingslag for ei god veninne, Beauty & The Beast på kino, spele John Williams-konsert med orkesteret og meir av våren.


April: klippe håret sommarkort, bursdagsfeiring med kake og tulipanar, bryllaup til eit venepar, sundagstur på stranda med flott gatekunst, påskeferie med både jobb, "Påskelabyrinten" og hyttetur, blogginnlegg om Daunt Books i London (vakker bokbutikk), Endeavour som påskekrim på NRK, roa på hytta, levere kjøkkenfrontane til lakkering, gå til jobb i vårvêret og lese metabøker.

























Mai: kjøkkenoppussing, hekle sekskantar til ein løpar, sitje ute på balkongen med ei bok i fanget, lese klassikaren Dr. Jekyll og Mr. Hyde, fredagstaco med nokre vener, 17.mai-feiring med bunad, pavlova og fine folk, dekorere bok til postkorta mine, ønskjekonsert med orkesteret, rosa blomar på trea, feire to år som ektepar og herleg tur til eit solfylt Stockholm (her: Stockholms stadsbibliotek).























Juni: makronar frå Stockholm ein fredagskveld, lese ut dei to ungdomsromanane Bare en dag og Bare et år, eit lite Mummi-kort, dele dei fine opplevingane frå Stockholm, vise ein liten del av sommarens lesehaug, dørskilt av gjenbruksmateriale og dei to siste vekene: Interrail-tur i Tyskland, Tsjekkia, Østerrike og Ungarn. Ei oppleving og reise for livet!























Juli: vise fram resultatet av kjøkkenoppussinga, jobbe mykje, lage blogginnlegg med alle minna frå Interrail-turen, Tjensvollturen, filmane Manchester by the Sea og Silence, starte dagane med å lese i gode bøker, hyttehelg, bokryggpoesi, sykle til jobb i kjole og bare leggar, Gladmatfestivalen, tur rundt flottaste Stokkavatnet, middag- og kaffidate på Renaa Xpress med ei av mine beste veninner og ha ein liten, gul og pratsom kompis på besøk (unduluaten Zalo).




August: tur i Sørmarka via den botaniske hagen, fortsetje å lese gode bøker og hekle sekskanta lappar, ei liste om heimen vår, totimars tur med ei veninne rundt Hafrsfjord og Ullandhaug, seiltur med ei anna god veninne, sesong tre av Poldark, fortsetje å dele bilete og minne frå "the great togtur", miniferie hos svigers på Sunnmøre med gåturar, kafédate og avslapping og ein tur på Rogaland Teater for å sjå Indianeren.




September: ein månad med mykje blogging, haustfargar, møte piggsvin på ein liten gåtur, lese Wonder, ein kveld ute med fine kollegaer, eit blogginnlegg om "tankar på vandring", nye boksar til te, fleire Interrail-bilete, spelekveld med vener, filmkveld (Rent) med ho eg alltid ser den filmen med, lage veggpynt av steinslipte glasbrot, Vardenesturen, litteraturfestivalen Kapittel, sosial matlaging med jobben, og til slutt musikalhelg i Oslo der me budde hos eit venepar.




Oktober: fleire tre i nydelege haustfargar, den lille suvenirsamlinga mi, vakker solnedgang over hustaka, høyre på alle dei morosame songane frå musikalen The Book of Mormon, bursdags- og innflyttingsfest hos nokre vener, Studieturen, storkose meg med Renberg-boka Skada gods, haustlyset, Blade Runnder 2049 på kino, strikke eit enkelt skjerf i dei finaste blåfargane, lage silhuettar av to bryllaupsbilete, lage ferdig fotobok og julekort, byrje å øve fransk med Duolingo, tur ute ved Rosenli, Sørmarkaturen og stearinlys i lyshuset i haustmørket. 




November: feire Sølvberget 30 år og ein kompis av mannen min som blei 40 år, eit kjekt klassebesøk på jobb, ein snartur opp til Ullandhaugtårnet der me på vegen såg esla, ein helg som aspirantinstruktør, roleg morgon midt i veka, endå meir av det vakre haustlyset og magiske haustfargar, soloppgang over hustaka, høyre Bjergsted Blåseensemble på festkonserten til Stavanger Open, quiz med jobben etter arbeidstid, "babydysj", to blogginnlegg om bøker og lesing, strikkekveld med te, kanelsnurrar og mykje prat og det siste tilbakeblikket på Interrail-turen. 




Desember: julepynte leilegheita, bokjuletre, sjå gamle julefilmar i helgene, adventsstjerna i vindauget, julegåvehandling i Sandnes, samling og lunsj med jobben på ØST, litt snø i byen, lese i julebøker og -hefte, skru og mekke på jobb, spele "Nøtteknekkersuiten" med orkesteret, ni år med  den finaste, jentekveld med klementinar, peparkaker og Love Actually, gå heim frå jobb i eit lyst, snøkvitt landskap, middag og julekonsert med eit venepar (for ein super konsert), julekakebakedag med broren min, førjulskveld med den beste gjengen, julaften på Sola og romjul og nyttårsaftan på Sunnmøre. Ein fin og roleg slutt på eit veldig bra år!

Legg igjen ein fin tanke