15. des. 2017

Nissar med altfor store luer

Ny fredag, ny helg. Eg jobbar i morgon, så det blir ein litt kortare helg enn vanleg, men det går jo greitt. Snart er det jo jul med god tid og ekstra fridagar. Julepynten og nissane våre er som nemnt på plass, og det gir ei ekstra kjensle av hygge. Mykje av pynten står på den same plassen som i fjor, men jul er jo tradisjon. Og her i heimen tar eg ikkje bort den pynten som til vanleg står framme, neida, julepynten kjem i tillegg ;) Her er det julemusikk og avslapping i kveld – god helg!

Legg igjen ein fin tanke