13. des. 2017

Jul i Sandnes

Kanskje ikkje ein kvit jul i og med at me var i Sandnes før det byrja å snø (men det byrja så vidt då me var der, noko ein kan sjå på bileta av juletreet). For tredje år på rad drog me av garde til nabobyen for å få unnagjort ein god del av julegåvene. Liker veldig godt å gå i Stavanger sentrum, den fine byen me bur i, men så er det eit eller anna ved å komme seg litt ut av vår eigen by også. Lenkjer med fine julelys, julestjerne og eit pynta juletre, alt med på å skape julestemning.


Ved eit av butikkvinduaga blei me ståande ei stund og titte. For inne var det laga til ein juleby i miniatyr. Tog, julenisse, snødekte tre, bittesmå kjelkar, akebakke, snømenn og mange små og fargerike hus. Altså, alle dei små og store detaljane, så artig å litt og litt om gongen.


Akkurat passe julepynta hus, midt i gågata. Etter å ha gått ute og vore inne i ein god del av butikkane, måtte me ha lunsj. Me åt kvar vår club sandwich inne hos Kanelsnurren, og etterpå drakk me ein kopp med cappuccino medan me delte ein brownie. Ute hadde det lagt seg eit lite lag med slaps, men det stoppa ikkje hesten med julenisselua. Ein fin førjulslaurdag i Sandnes.

Legg igjen ein fin tanke