3. des. 2017

Bøker og flotte solnedgangar

Julestemninga er på veg, og i dag er det fyrste sundag i advent. Sidan julaftan i år hamnar på ein sundag, "mistar" me jo ein adventssundag, men, men. Jul blir det likevel ;) Veka har stort sett gått med til å jobbe og å lese. Er så godt å ha kjekke og gode bøker som ventar på meg når eg kjem heim frå jobben. Kort oppsummering av veka denne sundagen, men ei lita liste skal de no uansett få:

✦ lese eit kapittel for kvar dag no i desember i boka "Julemysteriet" av Jostein Gaarder
✦ Lake District, eit ypperleg reisemål for neste sommar
✦ klare sytten av tjue spørsmål i Dag og Tid-quizen
✦ at Kvitnes og Kvitnes song "Falling Slowly" frå den finaste Once i Beat for beat
✦ tenne lys i den vakre telyshaldaren
✦ alle dei supre bidraga i novembertemaet av Monthly Makers (som altså var bøker)
✦ bokjuletreet som står ved ein av inngangane på jobb
✦ den gamle julefilmen It Happened on Fifth Avenue frå 1947
✦ lese ei ny og spennande krimbok av Trude Teige
✦ kanskje det var nokre av desse Harry Potter-tinga eg skulle ha ønska meg til jul?!
✦ solnedgangen over Ullandhaugtårnet den siste dagen i november
✦ pynte litt til jul
✦ sjekk ut desse magiske og fine biblioteka
✦ julelysa i Vågen i Sandnes på veg til orkesterøvinga
✦ eit bilete frå Flåm-bana hos Instagramkontoen @accidentallywesanderson
✦ sterk bok skriven av Olaug Nilssen, årets Brageprisvinnar
✦ med desse bileta frå Roma inne hos Emily får eg lyst til å reise til den byen med ein gong
✦ bli møtt av ei dørmatte på med teksten "Så kjekt å se deg"
✦ endå eit bilete av den magiske solnedgangen som eg opplevde på veg heim frå jobb torsdag

Legg igjen ein fin tanke