22. okt. 2017

Rosa hotell og rosa himmel

Tidleg ute med sundagslista denne veka. Me ska nemleg ha konsert med orkesteret i kveld (som nemnt i går), og eg kjem ikkje til å ha mykje energi igjen når me kjem heim til å sitje foran skjermen og publisere vekesoppsummeringa. Ute skin sola og me har allereie fått vore ute ein tur og gått. Det er noko eige å få bevege seg, kjenne sola varme no om hausten når mange av dagane er mørke, regtunge og korte. Å nytte sjansen til å komme oss ut når sola fyrst er framme; eg kjenner kor viktig det faktisk er. I veka har det vore greie dagar på jobb med klassebesøk og vanleg skrankevakt. På torsdag hadde eg også vakt nede i byen, og det er spennande å sjå: 4. november har Sølvberget 30-årsdag, og i samband med årsdagen, har det vore full oppussing i fleire av etasjane. Blir superflott! No er det fram med ei bok før det blir middag og konsert. Og så klart lista:

✦ flott solnedgang over hotellet ikkje langt unna jobben
✦ å lage eit slikt tog i samband med ny filmatisering av Mord på Orientekspressen
✦ kveldshygge med stearinlys, kaffi og bok
✦ lage ferdig fotobok frå London og Stockholm og også årets julekort
✦ ei Harry Potter-relatert topp 10-liste (HP for alltid)
✦ endå meir av den rosa solnedgangen
✦ sundagstur ute ved Rosenli i strålande solskin, lukta av sjø, den gode og friske haustlufta
✦ bryllaupsbileta som Sara har tatt – ho har verkeleg fanga den varme og gode stemninga
✦ ete taco og sjå Disney-filmen Bedknobs & Broomsticks etter konserten i går kveld
✦ kjekt å spele konsert med orkesteret sjølv om det har vore ein del øving og teljing av pausar ;)
✦ "7 Legendary Authors Who Only Wrote a Single Novel" – dei neste bøkene på leselista?!
✦ går ikkje an å bli lei dei varme fargane på trea no om hausten
✦ friske opp fransken med Duolingo
✦ strikke meir på skjerfet medan eg såg på TV-programmet Eventyrlig oppussing
✦ må prøve å få besøkt i alle fall ein av desse flotte bokbutikkane
✦ det gylne lyset som skein ned gjennom takvindauga då eg skulle heim frå seinvakta på onsdag
✦ god og spennande krimbok av Ninni Schulman, den femte om journalisten Magdalena Hansson

Legg igjen ein fin tanke