8. okt. 2017

Gråvêr, finvêr og endå meir av dei flotte haustfargane

Kan vel trygt seie at veka starta med ordentleg gråvêr, regnet bøtta ned og det blåste sidelengs. I helga har det derimot vore superfint, og me fekk gått ein god tur ute i dag med sola som varma, ein knallblå himmel og heilt vindstille. Lufta no om hausten, når det fyrst er opphald, er så frisk og god, så klar. På jobben har det vore full rulle med klassebesøk, servicekurs og ein del ekstravakter. Heime har eg fått lese mykje (prøver jo å setje av tid kvar dag), prøvd å lande etter førre helg og sett så mange flotte haustblad ute. Ja, eg veit, det er nesten det einaste eg gnålar om, men slik er det berre. Kvar haust. Vakkert! Det byrjar å nærme seg måndag. Her kjem ei lita vekesoppsummering:

✦ sola som tittar inn i stova vår om morgonen
✦ "10 Successful Books That Were Almost Never Published"
✦ trass mykje uvêr: sjå ein vakker solnedgang over hustaka
✦ raudt, grønt og gult, sjølve hausten i ein liten vannpytt
✦ sjå den artige Danny Kaye-filmen The Secret Life of Walter Mitty
✦ møte nokre fine kattar medan me gjekk tur tidlegare i dag
✦ kanskje eg må lese nokre av desse klassikarane sidan dei alle er under 250 sider?!
✦ litt seint, men å lese ut ei lita pocketbok med norske sommarkrimnoveller
✦ knallraud eføy på ein vegg langs jobbvegen min
✦ høyre på alle dei morosame songane frå The Book of Mormon
✦ dikt av Sigbjørn Obstfelder på bakken nær Amfi Madla
✦ har enno ikkje sett TV-serien om Cormoran Strike, men stas viss det blir fleire episodar
✦ ei rekkje med haustfarga tre ved parkeringa i Sandnes (på veg til orkesterøving)
✦ ha besøk av ein 2. klasse på jobb der ei av ungane sa at "dette er den beste dagen i mitt liv"
✦ Noreg på sitt aller vakraste
✦ kose meg med Liebhaberne, den nyaste boka om Neshov-familien
✦ bursdags- og innflyttingsfest hos nokre gode vener

Legg igjen ein fin tanke