5. okt. 2017

Ei super helg med togtur, fine folk og to musikalar

Sidan me berre skulle vere borte ei lita helg, tok eg ikkje med meg speilrefleksen på tur no då me var i Oslo. Difor kjem det her ein bloggpost der bileta er tatt med mobilen, men det får duge. Me tok toget ti på sju om morgonen førre fredag, og for det meste var det regn, regn og atter regn. Men fint på togtur var det lell. Vel framme i Oslo var me innom Gudrun Sjödén før me tok T-banen til Eiksmarka. For nokre klare og fine haustfargar (sjekk også ut kumlokket som liknar ei skjelpadde)!


Klokka åtte om kvelden på fredag var me klare. Klare til kva? Jo, det var nemleg på tide å finne plassane våre inne på Det Norske Teatret der me skulle sjå The Book of Mormon. Me tinga billettar tidleg i mars, og det er eg glad for no med tanke på at det nesten ikkje er nokre ledige datoar før dei kjem til Kristiansand i april! Eit flott teater med både lyse, kvite flater og ein bar med herlege fargar (okei, diktet til Hauge såg me på bakken ute på veg frå musikalen). Og musikalen...den var berre heilt fantastisk! Trur aldri eg har ledd så mykje av ei oppsetting før! Frank Kjosås og Kristoffer Olsen i dei to berande hovudrollene er supre, både sangmessig og som skodespelarar, og så må eg ikkje gløyme ensemblet og bandet. Omsettinga frå engelsk til nynorsk er like super, det er rett og slett ei oppleving eg kjem til å hugse veldig, veldig lenge! Me tok T-banen tilbake til det veneparet me budde hos, og sjølv om klokka var halv tolv, møtte dei oss med heimelaga pizza. Luksus!


Laurdagen blei vel så bra og starta med kaffi, kokt egg og gode bananpannekaker. Eg skulle sjå Les Misérables på Folketeateret med ei veninne halv tre, og me hadde avtalt å ha ein liten kaffidate før musikalen. Heilt utruleg koseleg å møte ho igjen; me fann ut at det er omtrent ti år (!) sidan sist. Mykje å prate om og plutseleg var det på tide å komme oss inn på teateret. Kjempebra musikal også denne gongen, og så er det litt ekstra stas når eg kjenner ein av dei som speler i bandet :) Sa "ha det" til veninna mi, T-banen tilbake for å skifte, og utpå kvelden drog me alle fire, veneparet med budde hos, han fine og eg, til sentrum for å ete på Sentralen. Me tinga seks rettar som me delte på, og det var eit annleis, men spennande restaurantbesøk for min del. God mat, men sidan eg er ganske kresen, må eg vel innrømme at desserten var det som smakte aller best ;) Før me la oss, blei det litt vin, rebusspelet "Dingbats" og litt quiz. Takk for ein superduper helg, finingar!


Trass mykje uvêr natt til sundag på Sørlandet, og endå meir natt til måndag, kom me oss greitt heim med toget. Me måtte ta buss for toget mellom Vennesla og Kristiansand og blei ein time forseinka heim. Synest ikkje det er altfor ille. Vêret under sjølve turen var ganske bra, eg klarte til å med å fange nokre av dei flotte haustfargane saman med den blå himmelen. Og litt kaffi så klart.

Legg igjen ein fin tanke