17. sep. 2017

Varme dagar midt i september

Litt av ei helg me har hatt! Vêret har vore heilt upåklageleg, me har fått slappa av og vore sosiale, det har rett og slett vore ei kjempebra helg. No når eg skriv dette, skin sola framleis inn i stova vår. Sjølv om me er midt i september, har det vore såpass varmt at me nokre av dagane har sete ute på balkongen med T-skjorte og solbriller. Heilt supert! Også denne veka har eg hatt ein del vakter nede i byen i tillegg til dei vanlege eg har ved Madla, så det har vore nok å gjere. Men ganske stas når kundar roser og takkar for god hjelp. Vel, no er det på tide at sundagslista blir lagt ut:

✦ flott hortensia som me såg då me var ute på herleg sundagstur i dag
✦ "The 20 most memorable moments from the Harry Potter books"  – eg blei no litt rørt
✦ heimelaga latte, noko søtt attåt og ei bra bok av Patrick Modiano
✦ programmet Nordens perler
✦ mykje prat, filmen Rent, nokre koppar med te og handarbeid med ei av mine beste veninner
✦ denne nusselege, lille katten
✦ miljøsundag med gratis buss, mykje liv i byen og nydeleg haustvêr
✦ høyre på albumet Hugar av Hugar som eg fann i denne lista inne hos Anna María
✦ dei gule blada på eit tre ved Vannassen
✦ om den fantastiske Agatha Christie-boka Endless Night
✦ alltid godt å sjå "All was well", dei siste orda frå den aller siste Harry Potter-boka
✦ Jonna som har klart å fange den vakre hausten 
✦ gå ein tur i ein del av Sørmarka og den botaniske hagen, for berre sjekk ut haustfargane
✦ og etter turen: sitje ute på balkongen med is, kaffi og bok, kjenne sola varme
✦ tenk å overnatte ei natt eller to på Herangtunet – så himla fiiint!
✦ må få besøkt den nye kaffi- og tebutikken neste gong eg er i sentrum
✦ spelekveld med middag, latter og fine folk
✦ lage noko til soverommet i samband med Monthly Makers-temaet innreiing

Legg igjen ein fin tanke