13. sep. 2017

Tankar på vandring

Når eg syklar til jobben, eller er ute og går ein tur, får eg av og til ei kjensle av "oi, dette er nytt". Ofte stemmer det jo: me er ute og går ein tur i eit område me aldri har vore før, eller me er ute på reis og oppdagar ein by me ikkje har sett før. Men eg får innimellom den same kjensla berre av å, ja, sykle til jobben. Det kan vere fordi det er ei ny årstid, det er lenge sidan eg sykla akkurat den vegen til jobb, eller kanskje ser eg ein detalj som eg ikkje har sett før. Eg veit ikkje.

Sjølv synest eg det er vanskeleg å setje ord på ei slik kjensle. Andre kjensler kan vere så mykje enklare å setje ord på, men når ein stad opplevast nytt, ein stad eg veit eg har vore ein del gongar før, skjønner jo til og med eg at det kan høyrast irrasjonelt ut. Og nei, det er ikkje déjà vu eg snakkar om. Det er ikkje at det eg opplever kjennest nytt, men den fysiske plassen gjer det. Rart, men samstundes fint. Eg er ein person med kjenslene utanpå. Det er slik eg er, og det er ingen løyndom. Når eg blir rørt, fell eg tårer. Det same når eg er sint. Slik har det alltid vore. Av og til går tankane på høygir, det same med kjenslene. Men veit du kva?! Det er heilt greitt.

Legg igjen ein fin tanke