14. sep. 2017

Museum Fotoatelier Seidel

Å gå på museum er for meg ei elsk-hat-greie. Mange av musea er interessante, kjekke, spennande og nokre til og med artige. Men viss museet er for stort, golvet for hardt og det etter kvart berre blir det same ein går å ser på, vel, då er det nok. I Český Krumlov fann me eit museum som for oss var akkurat passeleg, nemleg fotomuseet i det som ein gong var atelieret til fotograf Josef Seidel.


Seidel var fotograf i byen, og han tok bilete av både folk, landskap og bilete til postkort. Han etterlot seg både utstyr og mange, gamle bilete. Det er noko spesielt med å sjå på noko som er såpass gammalt, noko som ikkje lenger blir brukt. Me fekk med oss eit kart over huset og ein audioguide slik at me kunne trykke på spelaren og høyre ei stemme som fortalde oss kva dei forskjellige romma blei brukt til. Kult å sjå gammal kopimaskin, skrivemaskin og store, gamle fotoapparat.


Rundt i heile huset hang det gamle fotografi, det var bilete i gamle fotoalbum, Leica-katalog og oppe på loftet låg det haugevis med glasplater som ein brukte til fotografere med. Så rart og på ein måte fint å få gå rundt og prøve å få eit lite innblikk i korleis kvardagen var for hundre år sidan.


Tapeta på veggane i dei forskjellige romma var så vakre, og det same med taket. Tenk å ha eit fotostudio med eit slikt flott kamera. Det blei til og med ein liten selfie i eit speil inne på det som var soverommet (for ja, det var både ein bustad og eit fotostudio/-atelier). Om nokon plusteleg skulle finne på å dra til denne akkurat denne byen i Tsjekkia, er dette museet å besøke.

Legg igjen ein fin tanke