2. sep. 2017

Lesing i parken og drink på ein takterrasse

For eit flott vêr me hadde den siste dagen i Praha! Fint er det også i Stavanger i dag, og etter jobb, har eg sete ute på balkongen med ein kopp kaffi, to gode bøker i fanget og sola i andletet. Så herleg! Men det var ikkje det eg skulle prate om no. På vår siste dag i Praha, etter å ha besøkt biblioteket, vore på konsert og ete lunsj, tok me turen til den kongelege hagen. Flott og staseleg var det, ja. Etter å ha vandra litt rundt der, gjekk me vidare til Letnaparken der me fann oss ein plass i skuggen og fann fram kvar vår bok. To bleikfisar på tur, men å lese i parken er alltid ein slager ;)


Utpå kvelden åt me god middag på Kamparium. Før me drog tilbake til hotellet, hadde me bestemt oss for å finne ein takterrasse der me kunne slappe av med ein drink og finfin utsikt. Me hadde sett oss ut nokre på førehand, og etter mykje om og men (inngangen var nemleg ikkje lett å finne), sat me oppe på taket hos restauranten T-Anker. Dei beste plassane var opptatte, men litt utsikt fekk me likevel. Stemninga var bra, drinkane gode og dei små, søte gule og kvite blomane lyste opp langs heile terrassen. Må vel kunne seie at det blei ein superfin avslutning på våre dagar i Praha.

Legg igjen ein fin tanke