8. sep. 2017

Du och jag

Av og til må ein berre få sagt det sjølv om ein har sagt det før. Det er noko som ikkje kan bli sagt ofte nok. "Eg elskar deg". For det gjer eg, og eg håper du veit det. Trur du veit. Tenk. Det er snart ni år sidan det blei oss to ein kveld i desember. Tenk kor unge me va. Me har kanskje ikkje vakse opp saman, men me har gått inn i vaksenlivet saman. Opplevd – og overlevd – tjueåra saman. Når dagen er grå, er det godt å komme heim til deg. Til din armkrok, dine ord, ditt blikk, din varme.

Kvardagskjærleiken.
Ekte kjærleik.
Det er du og eg, du och jag. Det er me 

Legg igjen ein fin tanke