21. aug. 2017

Frå ei utslitt T-skjorte til eit stilig panneband

Gjenbruk er noko som står meg nært, og då eg fann ut at Monthly Makers-temaet for august var klede, ønskja eg å tenkje gjenbruk. Einaste problemet var at eg hadde nettopp gitt vekk to posar (vanlege sådan) med klede til Fretex, så eg hadde ikkje noko å ta av då min fyrste tankje var å lage ei pute av ein gammal genser. Men då eg plutseleg såg dette biletet på Instagram, blei eg inspirert til å lage eit liknande panneband. Fann fram ei knallraud T-skjorte som eg uansett hadde tenkt å gi vekk, eit hekla panneband som mal og saks. Målte opp passeleg lengde, bretta det dobbelt og limte kantane saman med vliesofix. Limte berre kantane slik at det var hol tvers gjennom, for på denne måten kunne eg sy det saman slik at det er meir slitesterkt enn om eg berre hadde brukt vliesofix. Sydde kortendane saman, og før eg sa meg ferdig, sydde eg stramt på eit lite stykke med det same stoffet der kortendane blei sydd saman. Voila, eit enkelt og stilig panneband med "sløyfe".

20. aug. 2017

Sundagsliste: Sunnmørsversjonen

I dag kan eg trygt påstå at det er ein "god, norsk vestlandssommar" ute. Regnet har bøtta ned i heile dag og tåka ligg over bygda. Men eg skal slutte å klage; me har hatt nokre fine dagar her likevel. Og så er det jo noko spesielt med å sitje under eit teppe når det er såpass grått ute, drikke ein kopp med kaffi, lese i ei god bok, sitje i armkroken til den finaste og sjå ein Disney-film saman. Denne vekas sundagsliste er for det meste lasta med fine saker frå desse dagane her på Sunnmøre:

✦ plukke bringebær og lage syltetøy
✦ køyretur ut til Devoldfabrikken på Langevåg
✦ sundagskos med finaste katten, besteste mannen og Disney-filmen Atlantis: The Lost Empire
✦ ein artikkel om historia til filmen Once – tenk at det allereie er ti år sidan den blei gitt ut
✦ starte veka med å sykle til jobb under ein knallblå himmel
✦ lese på flyet, i sofaen, i senga
✦ gleder meg til å sjå filmatiseringa av Rowling sin krimroman The Cuckoo's Calling
✦ kult å få fjernlånt ei god krimbok heilt frå Göteborg (Eld och djupa vatten)
✦ den nydelege solnedgangen over skyene då eg fløy frå Flesland til Vigra
✦ ut til Tomrefjorden på besøk hos nokre korpskjenningar av mannen min
✦ fleire boktankar inne hos Ida med dette blogginnlegget: "Litt om det å skrive om bøker"
✦ godt å kjenne fjellufta då me var på tur til Jutevatnet
✦ diggar interiøret på stamkaféen vår Tante Bruun i Ålesund
✦ kaffi på flyplassen på Sola medan eg venta på at flyet skulle gå
✦ vakre sitat frå barnebøker (nr. seks er frå ei av mine absolutte favorittbøker)
✦ ein tur innom bruktbutikken Kyrkjetorget, sånn som me alltid gjer når me er her
✦ for alltid denne utsikta

19. aug. 2017

Med kabelbane opp til dei finaste blomane

At tida går fort er det vel ingen tvil om, men eg har likevel vanskeleg for å forstå at det er allereie to månadar sidan desse bileta blei tatt. På dagen! Her på Sjøholt har me hatt alt frå bøttande regn og tåke til sol og blå himmel i dag, ein typisk norsk vestlandssommar. I Praha for to månadar sidan gjekk me derimot i shorts og kjole, og utpå kvelden blei det T-bane og trikk bort til ei kabelbane som tok oss opp til Petřín-høgda. Stas med kabelbane, og turen med bana var inkludert i kollektivbilleten me hadde kjøpt for dei tre dagane me var i Praha. Me visste ikkje om kabelbana før den same dagen då me hadde litt ekstra tid og berre sat og bladde i reisehandboka som me hadde med oss. Alltid artig å plutselig oppdage noko nytt og berre finne ut at "jo, det kan me gjere".


Vel oppe på toppen var det så himla mange fine blomar å sjå og lukte på. Det hadde byrja å mørkne, men blomane lyste mot oss likevel. Oransje, raudt, gult, lyselilla, knallrosa, alle moglege fargar. Eg hoppa rundt i den knallraude kjolen, og eg kan enno finne fram den sommarkjensla eg hadde denne kvelden. For etterpå skulle me få oppleve ein av dei vakraste solnedgangane nokosinne.

18. aug. 2017

Miniferie på Sunnmøre

Kom hit seint tysdag etter nokre timar på reis med både buss og fly. Her plukkar me bringebær og lager syltetøy, eg tittar på den herlege fargen og det kule mønsteret på gardina, me besøker Tante Bruun – det som no har blitt vår stamkafé i Ålesund, går turar, ser frosk og fin lyng, og så klart får me vere saman med Jeremias. Skuldrene er senka, ei god bok ligg i fanget og eg har kaffi i ein kopp.

17. aug. 2017

Vålandsparken v8

Litt mørkare ute no i parken enn førre månad, men det skiftar vel frå dag til dag. På måndag sykla eg sykla bort direkte frå jobb for å ta månadens bilete. Trea er no framleis knallgrøne, benken står enno, men dei spegelaktige benkane er ikkje lenger fullt så "rene og pene" som dei var i februar og mars. Men, men, kanskje er det berre eg som tenkjer på det ;) Elles lite nytt frå den kanten.

16. aug. 2017

Slottet i Praha og utsikt over byen

Eit lite "hei" frå Sunnmøre. Eller, bileta er jo ikkje frå Sunnmøre, men det er her eg er akkurat no, ein miniferie med mannen min hos svigers. Bileta er frå slottet i Praha, for då me var på slottsplassen, var me ikkje berre innom St. Vitus-katedralen, men også sjølve slottet. Slottet er heile 570 meter langt (!), så jepp, ganske svært. Taket var nesten like fint som det inne i katedralen og ein gullbelagd (tron)stol såg me også. Sjekk forresten ut bokdetaljane; usikker på om dei er ekte, men kult var det lell. For om nokon skulle lure: alt som har med bøker å gjere, er jo alle tiders.


Utsikta over byen frå slottet var super, og så er det alltid litt stas å få til eit bilete av oss saman som ikkje er ein selfie tatt med mobilkameraet ;) Me fann den bratte vegen ned, full av brustein, men omgitt av vakre, gamle hus og bygningar. Nok ein historisk plass å huke av på lista over "opplevd".

14. aug. 2017

Ei bok i mitt hjarte

Startar veka med ei bok. "Hvis jeg var en bok" er ei lita sak med få ord som likevel seier mykje. Illustrasjonane er akkurat passe, kanskje enkle, men likevel så fine. "Hvis jeg var en bok, ville jeg gjerne bli lest til langt på natt av en som i stillhet kalte meg sin venn.". Kan ikkje bli vakrare 

13. aug. 2017

Fram med trombonen, eit møte med svanefamilien og ein tur på fjorden

Grasenkje denne helga sidan mannen min har reist til svigers på Sunnmøre. Eg skal ikkje klage, for sjølv reiser eg opp på tysdag. Mykje jobb denne veka med arbeidstid frå måndag til laurdag, men stort sett er det berre gøy :) Det har også vore ei sosial veke, noko som gjer godt når ein til vanleg ikkje har så mange av dei nærmaste veninnene i byen. Eg også har byrja å spele litt igjen, lese mykje, vore ute i frisk luft og snart er det atter ein gong måndag. Vekas høgdepunkt i lista under:

✦ børste støv av trombonen, for snart er orkestersesongen i gong igjen
✦ setje av tid til å lese, denne veka også ;)
✦ ei lita geit som hoppar av garde (åh, geiter, dei er alltid like søte)
✦ gå ein totimars tur med ei god veninne der me såg ein flott solnedgang ved Harfrsfjord
✦ og etter turen: fortsetje kvelden med te, kjeks og endå meir prat
✦ dette biletet som viser kvifor "reading is awesome"
✦ å treffe på svanefamilien på ein snartur rundt Vannassen
✦ måtte le høgt av denne videosnutten: Tikamp i sumodrakt
✦ alltid spennande å ta turen ned i magasinet når eg er på jobb nede ved hovudbiblioteket
✦ Camille Grebe og Åsa Träff leverer også i den fjerde krimboka om Siri Bergman
✦ "14 Fantastic Things That Can Happen at a Library"
✦ finne noko å lage til Monthly Makers-temaet denne månaden: klede
✦ vere med ut på fjorden i seglbåt med ei anna god veninne; så heldig med vêret
✦ komme i gong med sesong tre av Poldark
✦ lilla og grønt i skjønn harmoni på veg til jobben

12. aug. 2017

St. Vitus-katedralen

Vel framme på slottsplassen i Praha blei me nesten slått i bakken av dette synet. St. Vitus-katedralen er ein gotisk katedral. Den noverande katedralen blei påbyrja i 1344, men fyrst etter nærmare 600 år (!), blei den til slutt ferdig i 1929 på grunn av både brann og krig i løpet av åra.


Som ein kan sjå, er katedralen storslått med alle sine ornament både utanpå og inne. Glasmaleria er noko av dei vakraste eg har sett – så klare og sterke fargar! Høgda er enorm, og eg klarte ikkje å la vere å titte opp for å sjå det nydelege mønsteret i taket. Alt er så utruleg detaljert, så stort og pompøst. Sjølv har eg vore på jobb denne laurdagen, og om litt blir det fram med ei god bok.