28. juli 2017

Bursdag på toget mellom Berlin og Praha

Det er fredag, noko som betyr helg. Her blir det laurdagsjobbing på meg i morgon, men tid til lesing og anna smått blir det nok likevel. Eg har framleis mykje å dele frå Interrail-turen vår, og her kjem neste del. Toguren mellom Berlin og Praha var den lengste me tok, ein tur på ca. fire og ein halv time – det er jo berre halvvegs mellom Stavanger-Oslo, så lang tur kan ein ikkje seie at det er. Det var fint vêr ute, så innimellom var det på med solbrillene sjølv om me sat inne i kupéen. Stasjonane fór forbi, ein etter ein. Grøne sletter tett inntil togskjenene. Togtur er rett og slett veldig fint.


Bursdagsbarnet las mykje i ei god bok, og det same gjorde vel eg. Men tilbake til bursdagsbarnet. Mannen min fylte nemleg år akkurat den dagen. Sidan me hadde begrensa med plass i sekkane våre, hadde eg printa ut ein lapp som sa kva gåva hans var, ein lapp som eg hadde gjemt mellom lesebrettet og omslaget til lesebrettet. Trur han blei nøgd med gåva (og eit bursdagskort så klart). Såg ut på dei høge fjella, fór forbi endå fleire togstasjonar og plutseleg var me framme i Praha.

Legg igjen ein fin tanke