31. jul. 2017

Veninneprat og fugleprat i starten av veka

Starten på veka har vore travel, men bra med jobb både på Madla og Sølvberget, kaffidate med ei anna god veninne og ein handlerunde. Men det var også godt å komme heim til middag og denne finingen som pratar (les: kvitrar) i eit sett medan me ser på den nyaste Game of Thrones-episoden.

30. jul. 2017

Fargerike Stavanger og ein knallgul (og kul) fugl

Sundag. Ein sundag som har vore så fin med ein liten gåtur før regnet byrja, litt husarbeid, mykje lesing og eit par koppar med god kaffi. Ein akkurat passe avslappande sundag, og med det slutten på veka, etter ein god del dagar på jobb (les førre blogginnlegg). Lite nytt å fortelje; denne veka har gått i eitt med jobb, kaffi, lesing og meir kaffi. Ein jentekveld på onsdag blei det også, noko som var superkoseleg! På tysdag skriv me august, og eg som ikkje skjønner kor juni blei av. Men litt sommarkjensle har eg no framleis. Og med dette ønskjer eg alle ein god kveld og ei super veke:

✦ kose meg med dei siste sidene i den illustrerte versjonen av den fyrste HP-boka
✦ denne gamle katten saman med nokre små kattungar
✦ kveldsdate med mannen min der me høyrde på bra musikk og skreiv lappar til minneglaset
✦ 10 plassar eg gjerne besøker neste gong me drar på Interrail
✦ drikke kaffi frå eit Mummikrus på grå dagar
✦ spele eit par rundar med Yatzy om kveldane
✦ så smart med bivoks-omslag
✦ ha den finaste kompisen på besøk, og Zalo veit å prate ;)
✦ måtte le litthøgt for meg sjølv då eg las denne om "ein vanleg dag på jobben"
✦ flotte, fargerike Stavanger med all den kule gatekunsten
✦ nydelege bilete av eit eldre par
✦ lese, litt om morgonen og ein haug om kvelden
✦ "The 100 Greatest Movie Props of All Time, and the Stories Behind Them"
✦ sjå ferdige den spennande serien Korrupsjonsjegerne (Line of Duty)
✦ geometriske dessertar, dei ser nesten for gode ut til å ete
✦ tinge togbillettar til musikalhelg i Oslo i slutten av september
✦ for ein bokhandel (og eg las nettopp om akkurat denne butikken i ei bok, sånn heilt tilfeldig)
✦ middag- og kaffidate på Renaa Xpress med ei av mine beste veninner – mimring, latter og snakk

29. jul. 2017

Karlsbrua

Seks dagar på jobb denne veka, no rest for the wicked ;) Blir ein roleg laurdagskveld no, ja. På vår fyrste kveld i Praha, tok me ein liten tur i gamlebyen der Karlsbrua (Karlův most) var eit av stoppa. Brua er ein av mange over den tsjekkiske elva Vltava. Den blei påbyrja i 1357 under regjeringstida til Karl IV (men fekk fyrst sitt noverande utseende i byrjinga av 1700-talet). Eit vakkert bygg!


Frå brua fekk me ein finfin utsikt over elva og byen. Me var ute på brua då sola byrja å gå ned, og det var eit gyllent lys som la seg over den tsjekkiske hovudstaden – for eit flott fyrsteinntrykk.


Hei, hei frå turistane med sekk, hatt og solbriller! Me var ikkje aleine om å ta ein svipptur på brua denne kvelden. Får vibbar tilbake til den vakre kvelden over Brooklyn Bridge for tre år sidan.

28. jul. 2017

Bursdag på toget mellom Berlin og Praha

Det er fredag, noko som betyr helg. Her blir det laurdagsjobbing på meg i morgon, men tid til lesing og anna smått blir det nok likevel. Eg har framleis mykje å dele frå Interrail-turen vår, og her kjem neste del. Toguren mellom Berlin og Praha var den lengste me tok, ein tur på ca. fire og ein halv time – det er jo berre halvvegs mellom Stavanger-Oslo, så lang tur kan ein ikkje seie at det er. Det var fint vêr ute, så innimellom var det på med solbrillene sjølv om me sat inne i kupéen. Stasjonane fór forbi, ein etter ein. Grøne sletter tett inntil togskjenene. Togtur er rett og slett veldig fint.


Bursdagsbarnet las mykje i ei god bok, og det same gjorde vel eg. Men tilbake til bursdagsbarnet. Mannen min fylte nemleg år akkurat den dagen. Sidan me hadde begrensa med plass i sekkane våre, hadde eg printa ut ein lapp som sa kva gåva hans var, ein lapp som eg hadde gjemt mellom lesebrettet og omslaget til lesebrettet. Trur han blei nøgd med gåva (og eit bursdagskort så klart). Såg ut på dei høge fjella, fór forbi endå fleire togstasjonar og plutseleg var me framme i Praha.

27. jul. 2017

Kvardagsmorgon

Seinvakt på jobb i dag. Ute har det bøtta ned. Det regnar litt enno. Eg startar dagen med ein kopp kaffi i eit av Mummikrusa våre. Ser på regndropane på vindauget. Glimt av kvardag midt i juli.

26. jul. 2017

Ein sommardag rundt Stokkavatnet ☀️

Andefamilien ute på tur. Knallblå himmel så langt auga kunne sjå. Ein av dei finaste turane på lenge og sundagstur på sitt beste – det var rett og slett ordentleg sommar i byen på sundag.


Er det no eg skal seie (eller syngje) "Ein fin liten blome i skogen eg ser..."?! Hi, hi, blomen var no i alle fall ganske fin sjølv om den låg på bakken blant steinar, grus og barnåler. Klarte å få tatt bilete av ein like fin admiralsommarfugl der den sat blant hundekjeks (?) og andre grøne vekstar.


Med på turen hadde eg denne gongen berre med meg mobilkameraet og med det sterke sollyset, var det ikkje like enkelt å ta bilete av oss bleike nordmenn ;) Men eit lite eit blei det på den lille haugen der me sat på ein akkurat passe stein for å drikke vatn, ete ein kjeks, kjenne sola varme i andletet, sjå utover vatnet. Og skogen var så vakker med sollyset som laga skuggar på stien.

24. jul. 2017

Om is, eit sterkt inntrykk og tog i Berlin

Og no går turen vidare til...Berlin. Siste del kjem her, no i dag, før eg etter kvart kjem til å vise kjekke og fine minne frå Praha. Me var innom Hakescher Markt i Berlin, ein plass i bydelen Mitte. Her finn ein blant anna små buer med ting som folk har laga, sånn som skåler av LP-er og tøyleiker. Fann ikkje noko å ha med heim, men me delte ein god is frå Gelateria Barist (og me hadde ein is til dessert dagen etterpå også hos Caffé e Gelato). Is er alltid ein slager, særskilt i varmt vêr ;)


Sjekk ut den enorme statuen! Statuen står i parken Marx-Engels Forum og førestiller Karl Marx og Friedrich Engels, forfattarane bak Det kommunistiske manifest frå 1848. Posering foran ein statue som er såpass svær som denne, er jo eit must når ein er turist i ein ny by. Me var ikkje oppe i TV-tårnet, men eit lite bilete av det 368 meter høge tårnet måtte jo til likevel. Såg flerne av desse fargerike bjørnane i byen, for byvåpenet til Berlin er jo ein bjørn. God salat og hamburgar åt me ein av kveldane, og ein anna kveld prøvde me schnitzel. Ikkje min favoritt akkurat, men heilt greitt.


Sterkt å besøke Tränenpalats, eller Tårenes palass på norsk. Så rart og fjernt å tenkje på at dette bygget som ser så fint utanfrå var den staden der familiar sa "farvel" til kvarandre. Tränenpalats  på stasjonen Friedrichstraße var ein grenseovergang mellom aust og vest då Berlin var delt. Inne er det eit lite museum som viser enkelthistorier og historia om kvifor og korleis byen blei delt. Sterkt.


Det er vel inga overrasking at me tok mykje trikk, T-bane og tog i løpet av dei to vekene me var på tur. Ein av T-banevognane var knallgul og nokre av stasjonane var så fine med store glasvindauge og vakre mursteinar. Då me reiste vidare til Praha, var det frå Berlin Hauptbahnhof, byens hovudtogstasjon. Eg veit eg har sagt det før, men å reise med tog er for meg ei sann glede!

23. jul. 2017

Sommar i Stavanger

Trur ikkje eg skal klage på vêret her i byen denne veka. Joda, me har hatt eit par regnvêrsdagar, men dei fleste dagane har vore heilt topp med sol og knallblå himmel. Så godt å endeleg få kjenne sommartemperatur og verkeleg nyte årstida. Gladmatfestivalen, herlege turar og mykje lesing har stått på programmet, heilt greitt med andre ord ;) Har jo også jobba ein god del, og sjølv om eg stortrivst blant alle bøkene og fine folk, må eg seie at når sola står høgt på himmelen, vil eg jo heller ut enn å sitje inne ved ein skjerm. Men sånn er det berre, synest jo likevel at eg har fått kjenne sola og vore ute i godvêret. Elles er det lite nytt, men eg har no i alle fall mykje fint på sundagslista:

✦ det fantastiske vêret me har hatt nokre av dagane, berre sjekk ut Vågen i Stavanger sentrum
✦ er alltid interessant og fint å lese boktankane til Ida
✦ lese ut den rare, såre og fine boka Vokteren av tapte ting
✦ "The End of an Era" – tenk at det allereie er ti år sidan den siste Harry Potter-boka blei utgjeven
✦ sykle til jobb i kjole og bare leggar
✦ ein bit god sjokolade i helga, og eg diggar jo den vakre innpakninga
✦ gode tips til korleis ein rimelegare kan oppgradere eit bad
✦ me var ein tur på Gladmatfestivalen, og med steikande sol, var knallgod is det store høgdepunktet
✦ sjå filmen Wonder Man med Danny Kaye (og skrattle av denne scenen)
✦ tur til IKEA der me fann akkurat det me skulle ha
✦ den nyaste boka til Camilla Läckberg var superspennande
✦ superkul idé til ein heimelaga knagg
✦ sommarfugl på tur rundt vakre Stokkavatnet i dag
✦ kanskje litt meir fargar, men liker stilen på desse romma
✦ lese ute på balkongen i shorts og T-skjorte
✦ å sjå at Byttebuå hadde sette fram flotte bøker på Gladmaten som ein kunne ta med heim

21. jul. 2017

Ut på tur i ulendt terreng

Landskapet ved hytta er nokså ulendt for å seie det mildt. Og då me bestemte oss for å gå ein tur til eit vatn førre laurdag, eit vatn det ikkje er oppgitt ein sti til på kartet, var me ikkje heilt sikre på å nå fram. Men ut på tur skulle me likevel, og med kart, vatn og litt kjeks i sekken var me klare. Over kampesteinar, ned ein sti, innom ein myr, opp ein bakke og ned igjen fordi det plutseleg var ein fjellvegg i vegen. Puh, me fann ikkje fram til vatnet denne gongen, men ein liten pause (som gjorde veldig godt) ved speidarhytta blei det i alle fall. Ein bra tur i eit endå betre selskap var det uansett.


På veg tilbake til hytta kom me oss på ein av toppane opp slik at me fekk utsikt.  Ikkje over vatnet der hytta ligg, men eit som ligg rett ved. Så flott, berre sjå utover, kjenne den friske fjellufta, oppdage små regndropar som ser ut som perler. Ein tur på fjellet er alltid ei lita glede.