14. mai 2017

Vår, fin fredagskveld og meir kjøkkenoppussing

Heile helga, om ein ser bort frå at me gjekk ein liten tur i går og ein dag, har me brukt på å grunne nokre flater, måle dei og måle (nesten) to av tre veggar. Inne på kjøkkenet om nokon skulle lure ;) Veldig nøgd med både innsatsen og den fine fargen Minty Breeze som me har valt som hovudfarge på veggane. Eg veit at eg sa det førre sundag også, men det er godt å sjå at det verkeleg skjer forandringar på kjøkkenet. Dagane har stort sett vore fylt opp med jobb, lesing, lita orkesterøving, fint vêr, besøk av mamma og pappa på onsdag (dei måtte jo inspisere progresjonen på kjøkkenet i tillegg til å hjelpe oss littegrann) og besøk av eit venepar på fredag. Tenk at det er 17. mai no til veka, og om ein månad er me på Interrail-tur. Dette året har til no gått nesten litt for fort. Uansett. Denne sundagen er snart slutt, men før eg tar kvelden, er det på tide med ei sundagsliste:

✦ ordentleg vår med vakre, kvite blomar på trea
✦ Emma Watson som nettopp vann ein kjønnsnøytral filmpris (kanskje den fyrste internasjonale)
✦ alt det grøne ved Mosvatnet
✦ illustrasjonar som viser Disney-prinsesser med viktige bodskap
✦ tusenfryd
✦ eit vakkert hus på Öland inne hos Madeleine
✦ boka Noe til besvær av Mark Haddon – artig og detaljrik, og Haddon er forresten forfattaren bak Den merkelige hendelsen med hunden den natten, ei av mine favorittbøker
✦ "These Imagined Literary Texts Are Hilarious" – mykje artig her
✦ bli nøgd med veggfargen Minty Breeze frå Jotun inne på kjøkkenet
✦ det fyrste blogginnlegget om Harry Potter-studioet inne hos Alicia
✦ stelle i stand til middag og besøk av nokre vener fredagskveld, og det var kjempekoseleg
✦ om eit gammalt kjærleiksbrev
✦ sjå filmen The Railway Man med gode rolleprestasjonar
✦ alltid kjekt å lese ei bokliste, og denne gongen er det inne hos Ida
✦ høyre fuglane kvitre på veg til og frå jobb
✦ Retuna Återbruksgalleria i Sverige – hurra for gjenbruk
✦ lese ein god, gammal klassikar, nemleg Dr. Jekyll og Mr. Hyde

Legg igjen ein fin tanke