17. mai 2017

Vålandsparken v5

Fyrst og fremst: Gratulerer med dagen, alle saman! Håper dagen blir bra med tog, kake, 17. mai-songar og fine folk. Framleis rart å feire nasjonaldagen utan korps, men det er jo i alle fall avslappande og ikkje fullt så slitsomt ;) På laurdag var me ute ein snartur før me tok fatt på kjøkkenoppussinga, og turen gjekk til Vålandsparken. Endeleg har alt det grøne byrja å poppe opp; framleis mykje brunt på bakken, men sjå på trea! Det reparasjonsarbeidet me antar har vore av lyktestolpar er no ferdig, og det ser ordentleg fint og vårleg ut. Måtte også ta eit bilete av ein klatrevegg, for det var noko med kontrasten mellom den brune graffitiveggen og alt det grøne på bakken. Stas å ha eit slikt parkområde i nærleiken der ein kan jogge, leke eller ta ein pust i bakken.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Gratulerer med dagen! :D

Silje sa...

Litt seint, men takk det same, Ida! Håper dagen har vore fin ^^

Legg igjen ein fin tanke