10. mai 2017

Onsdagsrapport

Dagane går i eitt, og det er allereie ei god veke sidan Zalo drog heim til Sola. Altså, han flaug jo ikkje heim sjølv, men blei henta av pappa om nokon var i tvil ;) Eit hovud å sitje på er alle tiders, for då har han oversikta. Hi, hi! Alltid like koseleg å ha denne lille krabaten på besøk. Apropos besøk – mamma og pappa var ein snartur innom i dag for å hjelpe til litt med kjøkkenoppussinga. Me klarer mykje sjølv, men greitt med gode råd på vegen. No er me snart klare til å ta fatt på målejobben.

0 kommentarer: