12. mai 2017

Eit lite filmtips rett før helga

Tidleg helg etter ein kort dag på jobb. Seinare i kveld får me besøk av eit venepar, noko som blir veldig koseleg. Før den tid må eg rydde litt (me bur jo blant måling, tapet og andre oppussingreiskap no for tida), og etterpå kan eg kanskje sitje litt ute på balkongen med ei god bok, kjenne sola varme. Har nettopp sett ferdig denne filmen, basert på den sanne historia om Eric Lomax, ein britisk soldat som blei tatt til fange av japanarane i 2. verdskrig. Lomax slit med traumane etter tida som fange og straffarbeidet på Thailand-Burma-jernbanen (sjå også den kjente The Bridge on the River Kwai). Ein sterk film om forsoning med flotte prestasjonar frå Colin Firth, Nicole Kidman og Stellan Skarsgård. Musikken er også med på å drive filmen framover, både der det skjer ein del, men også gjennom dei stille scenane. Eit lite filmtips frå meg – og no er det helg!

0 kommentarer: