5. mai 2017

Det søte bondelivet på Ullandhaug

Har de hatt ein fin start på helga? Sjølv om eg hadde seinvakt på jobb i dag, kan eg ikkje klage når eg kan sykle til og frå jobb i det finaste vårvêret. Sola som skin, fuglar som kvitrar, blå himmel, vindstille. Sukk. Blir ikkje tur i det strålande vêret i dag sidan me begge to kom seint heim, men på onsdag var me ein liten tur oppe ved Ullandhaug. På vår veg fekk me helse på desse søte lamma, så herlege og nysgjerrige :) Jobblaurdag i morgon og elles blir det vel ein tur og kjøkkenoppussing.

2 kommentarer:

teabooks sa...

Så søte! ^^ God helg, fine!

Silje sa...

Slike små ullnøste er alltid søte ;) God helg til deg også <3