3. mai 2017

Bjørnøyturen

Dei siste dagane har vêret vore heilt upåklageleg her i byen. Sundag, den siste dagen i april, var også veldig fin, og me nytta sjansen til å komme oss ut på ein litt lengre tur. Valet fall på ein av dei 52 kvardagsturane som ligg ute på kommunen si nettside, nemleg Bjørnøyturen som omfattar øyene Roaldsøy, Ormøy og Bjørnøy. Turen gjekk ved kysten, i skog, over bru og i bustadfelt.


Me hadde lånt ein bil i helga, så me køyrde ut og parkerte ved Roaldsøy skule; den ligg jo nesten midt i skogen. Følgde løypa sånn nokonlunde (hadde lasta ned kartet til mobilen), og sidan ingen av oss hadde vore ute på byøyene noko særskilt før, var det mykje å sjå. Noko av det eg beit meg merke i, var eit raudt og tydeleg skilt – ingen tvil om at akkurat her er det ein tursti ;)


Overalt der me gjekk, kunne me sjå blomar i alle moglege fargar, både på trea, i skogen, blant steinar og langs hagane til folk. Tulipanar, lyng, hestehov og kvitveis. Våren er ei fin årstid.


I eit vêr som dette, ser det jo heilt idyllisk ut å på så nær sjøen. Kanskje ikkje alltid like morosamt når det stormar som verst, men gurimalla så herleg på ein dag som sundag. Og så er det noko eige med eit raudt hus som dette, med kvite hjørnebord og eit stort, flott tre i hagen. Super sundagstur!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Nydelige bilder! Fikk meg i skikkelig vår- og sommerhumør. Gleder meg til varme dager, hvor man kan spasere langs sjøen eller i skogen, se på blomstene, sitte i solveggen. Jeg krysser fingrene for at godværet fortsetter ^^

Silje sa...

Me hadde ein super tur, og mykje av det kan me nok takke vêret for ^^ Håper verkeleg på fleire slike dagar, det gjer så godt både for kropp og sjel :)

Legg igjen ein fin tanke