12. apr. 2017

Glimt frå eit flott bryllaup

No er det påskeferie, sånn på ordentleg. Eg håper at du til no har hatt nokre fine dagar. Sjølv så håper eg på mykje lesing, quiz, brettspel, påskekrim og "Påskelabyrinten". Ønskjer å dele nokre få bilete frå det flotte bryllaupet me var i på laurdag. Middagen og festen var på Solastranden Gård, og det var pynta i kvitt og grønt. Så søtt (ha, ha, bokstaveleg talt) med ein liten godtebar. Mannen min var så kjekk med ei ny sløyfe og den grå dressen. Ein kveld fylt med latter, glede og mykje kjærleik.

Legg igjen ein fin tanke