31. mar. 2017

Roleg fredagskveld med te og bok

Kvelden er her, og det er attpåtil fredag. Ein god te i det kulaste kruset og vakkert dikt i ei diktsamling (nærmare bestemt Olav H. Hauges vakraste dikt). I morgon blir det jobb, men akkurat no i kveld skal eg berre ta det heilt med ro med boka i fanget og musikk på i bakgrunnen :)

29. mar. 2017

Vårtur den siste sundagen i mars

Kjenner det i heile kroppen at no er det endeleg vår! Eg veit jo at det kjem til å komme dagar med regn og grå skyar, men akkurat for augeblinken er det vêret akkurat slik det skal vere om våren: frisk luft, sol i andletet, det byrjar å bli grønare og blomane dukkar opp, fuglane kvitrar og alt er generelt lysare. På sundag sette me av tid til å gå ein snartur rundt Vannassen. Og eg seier berre "sukk". Fantastisk å kjenne sola varme, sjå på fuglelivet, dei lange skuggane, det varme lyset. Me tok ein liten rast på ein benk berre for å nyte sola litt ekstra før me til slutt vende nasen heimover.

27. mar. 2017

Studiotur – del 4

Siste del av turen i Harry Potter-studioet kjem her. Synest det er ein bra måte å starte veka på, for ein slik tur får meg til å smile, uansett kor grå dagen er (ikkje for det – det er ikkje så aller verst her i dag). Stilig å sjå nokre av fabeldyra "i levande live", og maskene ser jo både skumle og livaktige ut.


Eit lite besøk i butikkstrøket Diagon Alley (Diagonallmeninngen) blei det også. Flotte søyler utanfor banken og eg berre måtte posere foran tryllestavbutikken til Ollivander. Det som verkeleg fanga blikket mitt, var inngangen til Weasleys' Wizard Wheezes – så fargerikt og morosamt!


Noko av det aller beste kom mot slutten av turen, og det var å få sjå ein stor modell av skulen. Tenk å halde til på ein skule som Hogwarts (Galtvort)! Lyset i rommet skifta farge heile vegen, så i den eine augeblinken var slottet blått, og i den andre i ein mykje varmare farge. Sukk, kunne fint ha brukt endå fleire timar i studioet, verkeleg sett nøye på alt, ta inn alle inntrykka. Neste gong?! ;) Tok ein del bilete inne i den store suvenirbutikken med mobilen, men det blei ikkje dei beste bileta, så eg får sjå om eg deler dei ein annan gong. Ei lita måndagshelsing sånn på tampen av dagen :)

26. mar. 2017

Filmmusikkonsert og vårsol i byen

Høgdepunktet denne veka må vel vere å gjennomføre tre filmusikkkonsertar på ein og same dag. For me blei slitne, men det var jo samstundes så veldig, veldig gøy! Eit anna høgdepunkt var det å ha heilt fri no i helga, ingen spesielle planar og null jobb. Det trong eg, rett og slett. I dag har sola verkeleg funne vegen hit til byen, og berre det å gå ein liten tur rundt Vannassen fekk meg til å smile breitt. Våren er her! Eg ser at det blei mange punkt på lista denne sundagen, men pyttsann:

✦ filmmusikkonsert der ein god del av musikken til John Williams stod på programmet
✦ vere ein tur på kino med ei god veninne der me såg Beauty & The Beast
✦ få dilla på songen "Evermore" frå nemnde film
✦ den fargerike bokhylla nede på Sølvberget
✦ "Blås i det!" – bileteserie som viser Torshovkorpset spele saman med KORK
✦ ha jentekveld her heime etter kinoen
✦ sjå ferdig krimserien The Team som ei veninne tipsa meg om
✦ "Refleksjoner på en onsdag" inne hos Julianne
✦ kjøpe kaffibønner i ein kaffi- og tebutikk, kverne kaffien og nyte ein god kopp presskannekaffi
✦ le høgt av Bye og Rønning sine songparodiar, denne ("Tore Tang") og denne
✦ for eit røft språk i Ferrantes Svikne dagar, for skrive, det kan ho
✦ tinge billettar heim frå Budapest og konsertbillettar til Berliner Philharmoniker
✦ Emma Watson som svarer på spørsmål samstundes som ho leikar med søøøte kattungar
✦ sykle til jobb i sol og beundre dei lange skuggane frå trea ved Mosvatnet
✦ ha alle songane frå konserten på hjernen
✦ Crosswalk the Musical: Beauty & The Beast – så himla artig
✦ tid til å lese
✦ tenk å ha eit rundt vindauge og ein lesekrok som denne
✦ ete ein god middag heime på Sola
✦ få fiksa kjolen som eg skal ha i bryllaupet om to veker
✦ så mange fine og avslappande GIFs inne hos Synne
✦ gå ein liten sundagstur rundt Vannassen der sola titta fram blant mose og greiner

25. mar. 2017

Ein uforgløymeleg laurdag

For akkurat ei veke sidan var me ein gjeng som troppa opp klokka ni hos ei av mine beste vener. Om berre to veker skal ho gifte seg og me skulle ha utdrikkingslag. Det starta med utdeling av krone og band ("Bride to be") medan me fekk stelt i stand ein god frukost. Kjempekoseleg start på dagen, og me hadde god tid til neste aktivitet, så me sat lenge og berre prata, lo og mimra.


Litt etter litt nærma klokka seg tolv, og då drog me av garde til Sandnes sentrum. Hos Pralin Sjokoladeverksted skulle me nemleg vere med på eit lite sjokoladekurs. Fyrst ut var sjokoladeteori. Laga så ei sjokoladeskål ved hjelp av ein ballong, me laga konfekt og medan sjokoladen tørka, fekk me dyppe frukt i sjokoladefontena. Stas! Fekk også pynte konfekten og pakke den fint inn.


Lunsjen åt me hos ei av dei i gjengen etter at me var ferdige med sjokoladekurset, og det var noko for ein kvar smak. Utpå ettermiddagen hadde me det veldig artig med å bowle. Veldig lenge sidan sist, men likevel så utruleg gøy. Ei veldig god stemning der me alle smilte og heia på kvarandre!


Til slutt enda me opp heime hos sjølvaste "bride to be" der me åt god middag, delte ut nokre personlege gåver der ho skulle gjette kven som hadde gitt kva, me dansa, lo og hadde ein spørrerunde der ho måtte svare på nokre spørsmål (straff for feil svar: tygge hubba bubba, ein tyggi for kvart gale svar). Ein uforgløymeleg dag frå morgon til kveld med ein gjeng knallkjekke jenter!

24. mar. 2017

Vår i lufta

Måndag og tysdag bøtta regnet ned, men på onsdag derimot var det knallblå himmel. Sola skein og fuglane kvitra, og heldigvis fekk me komme oss litt ut i det herlege vårvêret. Det blei "berre" ein rask tur rundt Mosvatnet, men det gjorde no godt uansett å kjenne frisk luft og sol etter nokre dagar med ordentleg gråvêr. Gule blomar på bakken, små kvite fjør på greinene. Det er vår!

22. mar. 2017

Filmmusikkens meister



På fredag er det duka for den store filmmusikkkonsertdagen (puh, det blei eit langt ord). Me skal ha to skulekonsertar midt på dagen (eg avspaserer med fleksitid på jobb) og ein vanleg konsert på kvelden. Viss det skulle vere nokon tvil, så skal me spele filmmusikk komponert av John Williams. Eg tør å påstå at han er den store meisteren innan filmmusikk. Hans Zimmer (The Lion King, Inception, The Dark Knight), Ennio Morricone (The Good, The Bad & The Ugly, Cinema Paradiso), Harry Gregson-Williams (Narnia, The Rock), Howard Shore (Ringenes Herre-filmane, Philadelphia), Danny Elfman (mange av filmane til Tim Burton) og James Horner (Titanic,  A Beautiful Mind) er andre som har komponert mykje filmmusikk, og mykje av musikken høyrer eg ganske ofte på. Men John Williams altså... Star Wars, Harry Potter, Jurassic Park, Schindler's List, E.T, Indiana Jones og mange, mange fleire filmar som dei fleste av oss nok har sett. Det har vore kjempekjekke øvingar med orkesteret gjennom heile dette prosjektet, og det har vore mykje å øve på. For det er ikkje alltid at ein som messingblåsar har like mykje å gjere på kvart stykke i eit symfoniorkester, men denne musikken har vore utfordrande; berre tenk Star Wars eller marsjtemaet frå Superman. Og når me fyrst er inne på John Williams: sjekk ut denne topp 10-videoen. Oi, blogginnlegget blei litt lengre enn planlagd, men filmmusikk er jo alle tiders!

20. mar. 2017

Sekskanta glasbrikker


Geometri har vore denne månadens tema i Monthly Makers. Eg hadde ingen særskilt plan eller idé då eg fann kva som var temaet. Men så har det seg slik at me har nokre fine sekskanta glasbrikker her heime, og sekskantar er verkeleg innanfor når me snakkar om geometri ;) I går hadde me jo utdrikkingslag for ei av mine beste veninner og der skulle me alle ha med ei gåve kvar som ho så skulle gjette kven var frå. Viss eg då dekorerte dei "riktig", kunne dette bli den perfekte gåva. Brukte våre glasbrikker som mal, fann fram den lufttørkande leira og byrja å måle opp sekskantar med malen. I hobbyeska mi fann eg fram hobbylakk etter at brikkene hadde tørka to døgn.


Og slik blei resultatet etter fyrst å ha måla dei i friske fargar og til slutt lakka med litt decoupagelakk (slik at dei faktisk kan tole litt vann om ein plutseleg skulle søle). Veninna mi og eg har ei intern greie med kumønster, og det er difor den eine skil seg veldig ut. På denne måten tenkte eg at ho kunne klare å gjette kven gåva var frå, og det klarte ho med glans :) Som ein kan sjå, er den med kumønster ganske skeiv, så den funker nok ikkje optimalt til å setje eit glas på. Men, men, det er slik ein lærer av. Og så er det jo tanken som tel :) Gleder meg allereie til apriltemaet!

19. mar. 2017

Mykje som skjer no i midten av mars

Midten av mars. Allereie. Veit ikkje om eg liker at tida går såpass fort, men det er no slik det ein gong er. Veka har vore grei, men eg merkar at hovudet har ikkje alltid vore heilt med; eg rekk ikkje å hengje med på alt som skjer. Men det er jo slik i periodar at ein plutseleg har mykje som skjer og mykje som skal gjerast. Etter filmmusikkonserten neste fredag har eg ingen planar for resten av den helga, og det ser eg fram til. Etter å ha vore på farten i heile går – me hadde nemleg utdrikkingslag for ei av mine beste veninner – var det greitt å ta det med ro i dag. Øve litt på trombonen, sjå på bilete frå i går, lese litt og no i kveld har me hatt grovmessingøving i høve den konserten som kjem på fredag. Måndag og ei ny veke er nær, og sundagslista kan de lese under:

✦ utdrikkingslag for ei god veninne med frukost, sjokoladekurs, lunsj, bowling og artig kveld
✦ knallfint vêr og fuglar som kvitrar
✦ "Now We Are Free" i ein flott celloversjon
✦ lese ut den sjarmerande krimboka Jordfast, som altså er debutromanen til Graham Norton
✦ kose meg med ein kopp kaffi i dag tidleg, berre la tankane fare
✦ blir kjekt med John Williams-konsert neste fredag der dirigentstudentane skal stå for dirigeringa
✦ byrje å sjå sesong fem av The Americans
✦ ein artig og dansande fugl
✦ finne ein stilig bryllupspresang
✦ le høgt av denne gamle videosnutten
✦ gå med sennepsgul strømpebukse og prikkete kjole ein dag på jobb
✦ sjekk ut denne butikken som eg fann via Synne; så mykje kule reiserelaterte saker
✦ vurderingsmøte på Tau der me diskuterte nokre av barne- og ungdomsbøkene frå i fjor
✦ verdas søtaste minigris
✦ tur i Vålandsparken midt i veka
✦ setje av tid til å slappe av med kryssord saman med han fine