19. feb. 2017

Filmmusikk på hjernen

Musikken som har kverna rundt i hovudet denne veka, har vore filmmusikk komponert av John Williams. Den enkle grunnen til det er at me no har byrja å øve fram mot konserten me skal ha med orkesteret 24. mars. Ein annan grunn er jo at musikken er fengande og når ein fyrst har høyrt den ein gong, dukkar det gjerne opp gong etter gong (slik har i alle fall eg det med hovudtemaet frå Indiana Jones, også det komponert av John Williams). Måndag til fredag var det jobb på biblioteket, både i Madla og i byen, og i går var eg korpsinstruktør på eit seminar med Bogafjell skolekorps. Travle dagar med andre ord, men eg har no fått tid til å lese, drikke nokre koppar med kaffi og nyte det fine vêret. Ei bra veke er snart slutt, og det er på tide å dele sundagslista:

✦ fyrste øving med John Williams-repertoar
✦ og apropos John Williams: høyre Trondheim symfoniorkester spele musikken hans
✦ at Wade Wilson (Deadpool) gjekk rundt med ein T-skjorte frå musikalen Rent
✦ eit tynt, tynt lag med is på Mosvatnet ein tidleg morgon
✦ bra romutnytting i ei lita leilegheit (og så mange vakre fargar)
✦ gå kveldtur på fredag der me såg Venus høgt oppe på himmelen, rett over Ullandhaugtårnet
✦ Top Hat frå 1935 med, jepp, Fred Astaire og Ginger Rogers
✦ å vere instruktør for nokre aspirantar
✦ Ruth si liste med gode gjenbrukstips
✦ nok ein gong ein vakker solnedgang over hustaka
✦ lese ut to barnebøker i samband med eit vurderingsmøte på jobb 13. mars
✦ få eit søtt valentinskort av min gode mann
✦ gammal videosnutt, men så morosamt då Raske Menn song si eiga versjon av "Se ilden lyse"
✦ presskannekaffi i ein finfin kopp frå House of Rym tidlegare i dag – ordentleg sundagsluksus
✦ ein sniktitt på prosjektet mitt i denne månadens Monthly Makers-tema
✦ le høgt av denne Gollum-parodien
✦ kose meg med den vakre diktsamlinga Sanne gleder

Legg igjen ein fin tanke